Thursday, August 20, 2009

Sondre går...

Stas å ha knekt koden på gåinga på sin eigen 1års dag. Han kosar seg nå...

Wednesday, August 19, 2009

1-åringen vår!!:)


På mandag va det faktisk 1 år sidan Sondre såg verdas lys for fyrste gong!! Vi he blitt so utrulig rikt velsigna med en nydelig, fantastisk liten pjokk! Han utvikla sej heilt slik han skal (og det e faktisk inga sjølvfølge), og e en skikkelig godgutt! Vel kan han vere både sta og rampete, men det e no bære greit i grunnen! Må ha litt å bryne oss på! GRATTIS SONDRE!!! Tøffingen;) Når vi no bære fe orden på kameraet vårt so skal vi få lagt ut ett heilt oppdatert bilde/film her på bloggen;) Kanskje han vil vise kor flinke han he blitt til å gå!!??:)

Sunday, August 16, 2009

Hageprosjektet ferdig...

I desember var me så heldige å få kjøpe oss hus i Morvik i Åsane. Her trives me svært godt, med både gode naboar og eit godt- og tjeneleg hus. Einaste som mangla her var ein uteplass på baksida. På framsida er det ei stor inngjerda terrasse som er svært god å ha både til grilling og til utelek (og soling for dei som driv med det:)

Baksida vart fort eit prosjekt for underteikna. Første vintermånadene gjekk med til tenking og diskutering om korleis me ville ha det. Og i mai, når pappapermisjonen frigjorde kveldar og dager og ei snill farmor kunne passe minstemann, starta me det praktiske arbeidet.

Første prosjekt var å bygge mur. Fjellet viste seg å ver ganske så porøst, så alt forarbeid kunne gjerast for hand.
Ein del å gjere, men fint skal det bli...
Her har me starta med å gjere klar for å sette opp mur


Farfar vaar veldig veldig god å ha med første veka når me bygde muren.
Få svinger vinkelsliparen som farfar... Gjett om det blei mykje steinstøv både ute og inne, og det til tross for at me lukka dørene...


Sondre ville også vere med å arbeide... Han er faktisk veldig glad i å vere med å jobbe...
Trillebåra var ein stor suksess for den minste i familien...
Nokre gonger trengte me begge hendene, og då var det kjekt å ha ei bæremeis... Her fyller me pukk bak muren for å få drenasje og støtte.
Ein ferdig mur, men mykje arbeid gjenstår enno

Etter fjerning av steiner, ugras og røter var det tid for å hente jord og lage klar til blomsterbedd

Ca 1 1/2m3 jord gjekk med. Men, det var det verdt.
Nå nærmar det seg planting og legging av plen

Vatning må til, og då har Sondre lagt inn veto på at det er han som skal styre slangen...



Hekkplantene er kjøpt, og klare for å settast i jorda
Skal bli kjekt med ein fin hekk. Bildet lyg litt. Veien vises ikkje frå bakkenivå, men likevel vil hekken vere med å dempe litt lyd og skjule eit heller mindre fint gjerde.


Forarbeid til plenlegging er viktig.
Muligens litt juks, men du verden kor kjekt det er å få ferdig plen utan å vente 2 år
Hanne Marte har vore fantastisk flink i heile prosjektperioden. Her er hu med å legge siste finpuss på plenen.
Nå nærmar det seg veldig eit ferdig produkt
Natursteinsmur og ei stor steinhelle, som låg frå før, gjer eit meir naturleg preg over beddet
Muren og beddet. Staudene til høgre for steinen vil nok bli litt finare etter kvart når dei veks til...
Måtte bygge ei lita kompostbinge for å ha plass til hageavfallet.
Ferdig hage...
Regn, men likevel fint:)

Dette har vore knallkjekt. Hadde ikkje trudd at det skulle bli SÅ kjekt. Nå venter hausten og muligens nye småprosjekt inne.

Sunday, August 09, 2009

Barnevakt og sykkeltur

Fredag var me så heldige at tante Kamilla ville passe Sondre. Då var det bare å hive seg rundt og sette syklane på taket av bilen og køyre mot Totlandsfjellet (Nesttun). Me er heldige som har så snille tanter (og kommende onkler).

Totlandsfjellet er eit relativt flatt fjell i Vestlandsk målestokk. Dette gir gode muligheter for sykling både opp og ned. Dette er ein skikkelig flyt-sti. Mulig å sykle godt på, fleire plasser:)

Siden det er eg, Ole Terje som skriv dette, må eg også få lov å skryte litt av den tøffe kona mi. Hu satte utfor bakkene og dei tekniske (steinete) partia uten problem. Eg trur hu blei litt overraska sjølv også. Det gav i alle fall veldig meirsmak i følge ho...

Takk for turen, mi kjære. Dette må me gjere igjen... Nokon som vil vere barnevakt?
Oppover var det fleire flotte plasser kor me fekk sykla. Det er ikkje alltid dagleg kost på stisykkelturer på Vestlandet...



Hanne Marte har fått dreisen på sykkelen sin, og har funne ut at stisykling er supert...

Kjekke fellesopplevelser i Guds flotte natur

Mykje flotte bergparti gir mulighet for å sykle på litt.

Skivebremser er gode å ha, når ein må bruke desse:)
Vel fornøgd med denne ettermiddagsøkta. God avslutning på ferien. Meir oppdatering om kva siste veka har blitt brukt til her i Bergen kjem snart. Enno litt hemmeleg... Vent i spenning;)