Wednesday, October 28, 2009

Barnehagegutt


Tida går fort, skrekkeleg fort. Sondre er allereie 14 mnd og har hatt sin første dag i barnehagen. Det er ikkje lenge sidan me satt på Haukeland og venta på vår nye prins, og nå er han barnehagegutt. Mandag var første dag, og dette gjekk veldig fint. Primærkontakten til Sondre er både veldig flink og svært grei, så då føles det ikkje så fælt å "gi han frå seg" i nokre timar pr dag. Han skal i første omgang gå 60%, så det blir også tid til å vere heime med han far og hu mor (eller mamma og pappa, som Hanne Marte ville sagt:). Første dag i bhg gjekk veldig fint, så fortsettelsen går nok også bra.

Som pappa for Sondre, er tida nå etter at han har passert 12 mnd blitt kjekkare og kjekkare. Det er merkeleg kor mykje kjekkare det er når ein får slik respons og kan lære, leike, danse, synge og tøyse saman. Sondre er vel eigentleg ganske normal gutt, men me som foreldre likar å tru at han er ein ganske snill og humørfylt gutt. Spesielt etter at han knakk koden for å gå, har han blitt ein mykje meir fornøgd og smilande gutt. Det var nok befriande og godt å kunne komme seg fram utan å bli bært, krype eller måtte holde seg fast til ting.

I dag skal Sondre ha sin andre dag i barnehagen. Så nå blir det å gå litt i frå han. Muligens det kjem til å stikke litt ekstra i farshjarta når han blir overlatt til barn og vaksne han ikkje har truffe meir enn ein gong tidlegare. Men, me veit jo at dei berre vil hans beste og at det tar ikkje lange tida før han blir vant til den nye situasjonen.

ldlksdå fwppehf.899fn

Her har Sondre skreve ein kode til dykk. Nokre som klarer å tyde den?


Sunday, October 25, 2009

Glede mej...


...til mannen min kjem heim i ettermiddag!! Bortsett frå nokre tima mellom søndag og mandag, so hekje vi sett kvarandre sia fredag for over ei veke sia, og det begynne å bli ei stond sia no...so ej glede mej til å treffe han igjen!! På en måte litt godt å få savne litt, for då sette en ekstra stor pris på å møtast igjen!:) Velkomen heim Ole!!<3