Tuesday, March 30, 2010

GOD PÅSKE!!

Vil ønske DEG ei velsigna og god påske!! Vi reiser i morga innover til hytta der vi for fullt skal finne tid for ettertanke, familie, gode og lange dagar ute, kvalitetstid og ro. Vil minne deg om å bruke litt ekstra tid på å tenke på kvifor vi feirar påske! TAKK for påska!:)

Wednesday, March 24, 2010

Nye tider...

Då er faktisk vår koselege bopæl lagt ut for salg...vi har bestemt oss for å flytte til Ulsteinvik, og det skjer allereie i sommar!! Det skal bli godt å slå seg til ro ein plass no, få litt meire "faste" ting å vere med på, og ikkje minst kome nærare besteforeldre, vennar og anna familie. Men litt skummelt er det også å bryte opp frå vennar, trygge og faste jobbar, eit kjempetriveleg nabolag, eit koseleg hus og Bergen som vi har budd i i 7 år!! Men vi satsar på at alle desse faktorane vil kome på plass i Ulsteinvik etterkvart:) Og så har vi no fortsatt nokre kjente i Bergen, så da skal vi få til nokre turar innom godbyen:)

Mamma og pappa har kjøpt seg ei leilighet i Ulsteinvik, so vi skal rett og slett kjøpe barndomsheimen min (HM). Skal få pussa opp litt og gjort det til vårt, so det skal bli fint!! Vi gler oss til å ha fjell og gode turområde rett bak huset, håpar på like gode vinterar framover som det har vore i år:)

Sondre har mest truleg fått barnehageplass i ein barnehage som ligg maks ein 5-minutts gåtur unna, det blir supert! Ellers so må det seiast at vi har fleire gjesterom, så håpar på mykje triveleg besøk:)

Dette fører igjen til at vi slepp å dele feriane, så no får vi lange og gode feriar i Suldal! Det blir fantastisk:) Vi er jammen priviligerte!

Finnkode til huset er 21506765