Wednesday, November 23, 2011

Ein liten film

Testing av eit nettbasert videoedigeringsprogram endte opp med denne korte filmsnutten av familien vår. Stolt av guttane og jentå mi:)

Thursday, August 11, 2011

Oppdatering!

Då var det sanneleg på tide med eit nytt blogginnlegg! Det byrjar å bli ei stund sidan påske...

Tida etter påske har vore svært spesiell for oss. Pappa har lenge vore kreftsjuk, men vi håpa i det lengste på at han skulle klare seg. Litt før påske vart han meir og meir svak, kroppen klarte ikkje å handtere dei lumske cellene i kroppen lenger...Vi fekk vite at det ikkje vart meir behandling den 5.mai. Vi skunda oss då med å ha ein nydeleg dag for Kamilla og Øyvind der pappa fekk gitt ifrå seg yngstejenta si, og presten fekk velsigna både det komande ekteparet, samt velsigna og bedd for tida og situasjonen. Dette var ei sterk oppleving!


Knappe to veker etter vart Håvard-guten vår døypt. Det vart også ei fin markering. Håvard kosa seg alltid i armkroken til morfar, og der var han alltid velkommen!



5.juni døde papsen. Der og då føltes det godt at han fekk sleppe, samstundes som at det var så uendelig trist at det vart så endeleg...no kjenner vi på savnet av ein frisk, levande, lattermild, omsorgsfull, omtenksom, positiv, hjelpsom, arbeidssom, leikande ++++ pappa, svigerfar og morfar. Livet tek brått ei heilomvending. Likevel må livet gå vidare, og det er godt å ha dei to skjønne gutane våre som verkeleg får oss til å fokusere på livet. Sondre har utruleg mange gode minner av den snille og kjekke morfaren sin, og dei skal vi hjelpe han med å halde friskt i minnet! Han snakkar ofte om morfar, og er oppteken av at morfar har det godt i himmelen hos Jesus. Det er godt for oss alle å tenke på:) Ville ta med eit bilde av mamma og pappa, våre FLOTTE foreldre!!

Gravferda var heilt spesiell! Det var som om taket lyfta seg i kyrkja under salmesongen. MEKTIG! Det er også godt og forbilledleg å sjå kor mange pappa har betydd noko for. Til og med ute på trappa stod det folk, kyrkja var for lita! Ein blir takksam av å oppleve den varmen frå så mange, både kjende og ukjende.

Knappe to veker etter gravferda bar turen sørover i bryllup for Elisabeth og Magnus. Ein stas-dag! Deretter var vi så heldige å få vere fadderar for skjønne Milla på Karmøy! Så bar turen til Tyrkia. Vi hadde i utgangspunktet sett av denne veka til ein Kretatur. Då vi såg at det ikkje lot seg gjere, avbestilte vi denne turen. Når det no gjekk så raskt med pappa på slutten, kjende vi på at vi måtte vere i lag, og veka var allereie sett av. Vi fann oss då ein chartertur til Tyrkia. Eit luksushotell med all inclusive der vi berre kunne slappe av og samle nye krefter! Deilig!:)

Så hadde vi oss ei god veke i Suldal. Der slappa vi av, fekk oss nokon treningsturar, kosa oss på hytta, gjekk turar +++ Kjekt å få vere saman med farmor, farfar og Mussi!

Resten av feria har vi hatt heime. Vi har hatt kjekt besøk av tante Bit (erstatning for fjelleiren vi eigentleg skulle på...det får bli neste år;)). Så har farmor og farfar vore her ei lang og kjekk stund, og no er heile fam Grimstad i området for å planlegge bryllaupet til Kamilla og Øyvind som skal vere fyrstkomande laurdag!:)

Har ikkje lagt inn bilder frå ferien, men dei kjem seinare!!:) Men vil avslutte med eit hærleg bilde av hjerteknusarane våre! <3
Fleire bilder frå ferien kjem nok etterkvart, og ikkje minst frå bryllaupet til helga. Vi gler oss! Nye ting skal også skje til hausten, så det er berre å fylgje med!:)

Thursday, March 31, 2011

Ettermiddagstur i ammepausen:)

Ein av dei siste dagane i mars skein det opp med nydeleg påskevêr- og føre på øya vi bur på. Med ei tante på besøk og to klare besteforeldre, var barnevakt i boks- og vi ikkje seine om å snu oss for å ta ein liten tur opp i sidene over bygda. Målet var turen, og løypa vart til undervegs. Vi endte opp på Lågskjervane, noko som verken er særleg langt eller krevande, berre veldig fint og supert for ein tur i ammepausa.



Monday, March 28, 2011

Brødrene...

Det er ingen tvil om at desse to karane er glade i kvarandre allereie! Kjempekoslig å observere dei i lag! Sondre som viser, leser og forklarar til Håvard, og Håvard som smiler hjertelig og lagar godlydar tilbake! GLEDE!:)




Saturday, March 19, 2011

Lørdagstur til Trollskogen

Lørdag 19.03.11 satte heile familien snuten mot Trollskogen og (Fantastiske) Osberget. Med på turen hadde vi bensin i form av heimelaga skuleboller. Viktigaste motivasjonsfaktor vart likevel å kome fram til den spennande skogen kor trolla høyrer til.

Dette var også første tur utanfor vogna for Håvard. Han tok det heile med stor ro, og sov likegodt heile turen gjennom.

Sondre fann seg veldig godt til rette i skogen, og det var ikkje berre lett å få han til å gå igjen, når vi måtte vende snuten heimover. Veldig kjekt å sjå kor stas det var å klatre i trea.
Skrekkblanda fryd med ei lita slengdisse
Kjekt når pappaen hjelper til
Veldig kjekt å kunne gå på tur heile familien, uten å måtte holde seg langs vegen. Håvard sov trygt og godt heile turen
Sondre overraska med klatring. Stor stas å vere i Trollskogen
Godt å ha ei trygg og god hånd å holde i undervegs på turen
Dette bildet tok Sondre. Han er veldig glad i knapper og diverse elektronisk, og kompaktkamera er intet unntak.
Utsikten frå Osberget
Mamma med guttane på Osberget

Wednesday, March 16, 2011

Båltur med nye venner i Ulsteinvik

Onsdag 16.03 kom den første flotte vårdagen til Ulsteinvik. Dette måtte vi feire med å ta middagen ute. Vi inviterte då med nokre venner som vi har blitt kjent med etter at vi flytta opp. Dei var veldig klare, og vi fekk flotte timar ute på Osnessanden (sandstranda i sentrum).

Ungane kosa seg veldig med leik og pølser/fiskekaker grilla på bål, og vi vaksne fekk vere i lag og ha ein god drøs rundt bålet.

Takk for eit veldig flott initiativ, Hanne Marte !









Monday, February 28, 2011

Forrige torsdag...

...vart Håvard 3 veker, og Sondre var Ole Brum i barnehagen (karneval). Her er nokre bilder av skjønnasane våre den dagen!:) I arkivet her på bloggen har vi lagt ut ein del bilder av Sondre då han var 3 veker...ganske stor forskjell i størrelsen (kanskje ikkje så rart sidan Håvard var 1,5 kg tyngre enn Sondre då han vart født...), men vi ser absolutt syskenlikheiter!:) Flotte og blide er dei i alle fall begge to!!:)