Wednesday, January 26, 2011

SOOO GLAD!!:)


På fredag kom min nydelege mann heim frå jobb med den vakraste blomsterbuketten eg har sett! Roser, orkidear, nokre lilla blomster, og grønt i mellom...og den er like fin fortsatt, etter nesten ei veke!:) Gjett om det gjorde ei gravid kvinne GLAD på ein fredagskveld!??;) Takk min kjære Ole!!

Tuesday, January 25, 2011

Ventetida...

...er ikkje så aller verst! Har konkludert med at eg ikkje har så dårleg tolmodighet som ej trudde. 30.desember trudde nemlig jordmor at lisjebroren va klar for å bli kjent med livet utanfor hola si...ho va redd vatnet kom til å gå i bilen, so blei sendt med ambulanse...etter ei natt på føden hadde det meste roa sej igjen, so då vart vi sendt heim att. Har sidan dette gått med falske rier/kynnarar, og har difor vore førebudd på å måtte reise innover til sjukehuset i snart 4 veker...

No har vi passert termindatoen, og gullet ligg fortsatt trygt og godt i magen...kjenner sjølvsagt på at det hadde vore godt å bli ferdig no med å ha ein gigamage, og ikkje minst til å få bli kjent med guten...samtidig så nyt eg å få sove relativt godt, og ikkje minst det å ha mykje mindre bekkenplager enn eg har hatt tidlegare i svangerskapet!! Hærlig å kunne gå tur utan å vere heilt øydelagd etterpå!!:)

I kveld er andre øving i det nyoppstarta gospelkoret for vaksne her på øya!! Det gler ej mej til (men okey, visst lisjebror he lyst å kome ut i kveld, so skal han få lov!!;))!!:) Kjempekjekt å få synge i kor igjen!:) Nei, ho ekje so galen dinne ventetida so lenge en gleda sej over dagane og dei små og store hendingane i livet! So fe vi berre sjå kor lenge vi må vente...:) God tirsdag til dej i alle fall!!