Akkurat no ligg Sondre i kjellaren og søv. Hanne Marte og eg sit framfor peisen og nyt roen og kvelden i lag. Vi har på mange måtar budd midt oppe i rotet no i fleire mnd, så det er ekstra godt å kunne slappe av med ferdigstilt gang, kjøkken og stove. Litt småplukk heng igjen, men det ornder seg ganske snart.
Bilda viser berre gangen, fordi eg var lat og gidda ikkje rydde resten av huset...:) Får ta dette igjen seinare. Kanskje vi skal lage ein bildeserie frå heile oppussinga.



