Friday, February 05, 2010

Nattmat...

Plutselig var det mat som var tingen... Sove kan ein gjere når ein blir gammel:)








Småsjuke i heimen

Sondre går i barnehage for tida, eller rettare sagt; han går så ofte han er frisk. Det har vore ein del sjukdom i det siste. Ikkje noko alvorleg, men nok til at han ikkje har den same gnisten og energien han pleier å ha. Det går visst mykje sjukdom blant barna i barnehagen, og på mandag var dei berre 9 av 20. Det er rart å merke kor slapp vårt ellers litle energiske sjarmtroll kan verte på kort tid

Det er mange gamle minner som kjem tilbake frå når ein sjølv var sjuk. Den gode kalde kluten mor la på panna når feberen pressa på. Det trygge fanget far hadde når ein heller ville sitte i ro enn å springe rundt og leike. Kjensla av å boble over når paraceten byrja å virke, og ein plutseleg får krefter til å tømme leikekassen utover golvet. Kven hugser vel ikkje sitronbrusen, som vist nok skulle ha si virkning, men som truleg ikkje var noko anna enn trøyst og få i oss drikke. Eller bøtta ved sida av sofaen...?


Sondre har hatt mange netter kor han etter kvart har hamna i senga vår utpå natta. Han er herleg når han våkner og roper på vatn på sin eigen gode måte, for så å drikke godt frå den faste Imsdal-flaska. 10 sekund etter er han godt på veg inn i drøymeland i armkroken til mamma. Ein kan kanskje seie at det blir lite søvn på oss to foreldre, men når me kan få vere ei støtte og til hjelp for vår kjære litle Sondre, gjer me det gjerne.

Det er rart kor avhengig eit lite barn er av foreldra sine. Det er eit stort ansvar me har. Både med å gje han ei god og utviklande oppdraging, men mest av alt å gje han trygge og gode rammer gjennom heile oppveksten. Skal han få eigne bein å stå på, må me gje han ein trygg grunn å gå på.

Sjukdom i heimen viser kva som er det viktigaste å ta vare på. Leiker, fine pyntegjenstander, ski, sykler, bil, stereoanlegg osv har så liten verdi i forhold til det å ha kvarandre. Sondre leikar lite med leikene sine når han er sjuk. Drømmehagen på tv fungerer ei stund, men mest av alt er armkroken til mamma det kjæraste nå desse dagane.

Sondre har nettop vakna. Eg fann han sittande svett i senga. Feberen har nok funne vegen ut, og mogleg blir morgondagen betre enn dagen i dag. Likevel er kluten og mamma i sofaen den beste- og viktigaste medisinen han finn no. Han sovnar, og pusten høyres bort til pappaen i stolen. Håpar det blir lyden av små barneføtter som spring over golvet i morgon...



Monday, February 01, 2010

Sondre på ski for første gong

Mange vil kanskje sei det er litt tidlig, men i dag fekk Sondre prøve sine nye ski. Han storkosa seg, både når han fekk gå mellom beina våre og når han fekk lov å prøve sine nye staver.

Kva skal ein med hytte på fjellet eller firefelts opptrakka løyper, når ein har flotte skiforhold i si eiga gate. Denne vinteren har verkeleg vore veldig flott. Halvanna mnd med skiforhold rett utanfor si eiga stove. Og det i Bergen...


Sjarmtrollet vårt storkoser seg på dei nye snømannskia hans
Hjelp frå pappa er ikkje dumt når ein skal spenne på seg skia for første gong
Ein skal tidleg krøkast som god storfjellsjibber skal bli:)
Mamma er veldig god å støtte seg på, og å motivere når bakken har helling oppover og ikkje nedover
Trenge ikkje å holde på veldig lenge i dag, mamma. Eg klarer ikkje alt første dag:)

Sunday, December 20, 2009

Juleferie del 1

Då er me i gang med juleferien. Årets jul skal feirast i Kvilldal, noko me har sett fram til lenge. Sondre storkosar seg hjå farmor og farfar, og me to gamle får kombinere gode familiestunder med fine turer på fjellet. Laurdag fekk me, som resten av Sør-Norge eit flott lite dump med tørr puddersnø. Uheldigvis blei det vind og snøen la seg raskt i fenner. På baksida av huset ligg det ein del snø, så rattkjelken var kjekk for både Sondre og oss to gamle. Sondre er enno relativt likegyldig til akinga, men det kjem seg. No har han byrja å smile litt når me renn, og når me spør om me skal gjere det ein gong til, så svarer han ja:)

Hanne Marte og eg fekk oss ein herleg tur med ski, plukking av never til kommande bålturer, frysing på nasen og litt lek i snøfennene.










Thursday, December 17, 2009

Adventstid

"Deilig med ferie..." (sitat: Ole)...Oppvaskmaskina er i full gang, klesvask nr 5 på to dagar er akkurat lagt saman, julegåvene er kjøpt og levert, bilen er pakka, og vi sit no å nyt kvelden...alt er klart for juleferien!! I morga tidlig set vi kursen mot Kvilldal, der vi skal nyte gode og kalde dagar fram til kvelden 3.juledag. Då reiser vi nordover for å feire Silje og Helge på nyttårsaftan! Vi skal med andre ord ha oss ein heil del hærlige fridagar, og vi GLEDAR oss!!

Men jammen meg har vi hatt ei god adventstid også! Den begynte med ei korturnehelg med CD-innspeling for min del, mens karane reiste på besøk til fam. Moi på Karmøy. Det blei eit treff med farmor og farfar også då. Stor stas for alle:) Heile gjengen, inkludert tante Anna og Moste Guri, kom på julekonserten vår, så det var veldig kjekt! Ei veldig fin helg for heile familien!

Forrige tirsdag inviterte vi gatetunet vårt på adventsstund...det må bli ein tradisjon! Kjempekoslig å samle naboane til god prat, leiking, kaffi og baking for dei som ville det:) Det er 4 gutar i tunet mellom 10 veke og 2,5 år, så det er kjekt! Den nye Morvikgjengen kanskje?!;)

Sondre var klar for litt baking, tolmodigheta varte ei stund i alle fall;)


I dag var Sondre og eg i Salem på julefest. Julefortelling/skodespel, graut, gang rundt juletreet og masse folk!! Det er veldig kjekt å sjå Sondre i samspel med andre ungar no, han er ein snill gut! Og så synest han det er heilt supert med nye leiker!! Så han er i sitt ess når han får suse rundt på golvet i fri leik!:)


Ny rekord på Salem Åpen Barnehage!:)


Så tok vi turen bort til asylet for å feire Helge som blei 25 år i dag!! Gratulerer!!:) Rummikub, god lunch og kake stod på menyen, kjekt!:)


Sondre blei litt trøtt etterkvart;) hehe, sjekk den sovestilen!!! Hærlig:)


Da vil vi ønske alle saman ei fortsatt god adventstid, og ei velsigna god jul visst vi ikkje oppdaterer før den tid!:)



Friday, November 13, 2009

Oppussing av barnerommet

Når dagane berre blir kortare og kortare og kveldane lengre og lengre er det tid for å drive med litt oppussing. Denne gongen er det Sondre sitt rom som skal til verks. Eit mørkt rom med nedslitt tapet og border frå det glade 90-talet, skal bli lyst og pyntast med flyttbare Wallies med Ole Brum og Nasse Nøff. Håpar litleguten vil like rommet sitt. Det blir alltid meir arbeid enn ein har forutsett på forhånd, men rommet blir i alle fall tatt skikkelig.

Så tenker du kanskje, nok ord, kom med bildene!!! Og eg skulle gjerne publisert mykje bilde, men faktum er at eg gløymde det viktigaste, å ta bilde før me byrja oppussinga. Men, de skal få sjå nokre meir bilde når det byrjar å nærme seg ferdig.

Denne helga har me vore så heldig å få besøk av farmor og farfar. Planen er å tapetsere i morgon (lørdag), med hjelp frå farfar. No får me sjå korleis det går med forma både hjå Sondre og underteikna. Sondre ligg for tida for det meste i ro, med høg feber, halssmerter og rask pust. Me slapp nok ikkje unna denne influensa me heller... Underteikna er ikkje så plaga, men kan ikkje skryte på seg å vere meir enn 70%.

I dag har me også sendt avgarde Hanne Marte på jentetur til Stavanger. Så nå venter ei helg med rangling, sove lenge, store konsertopplevelser og fri frå oss gutta.


Wednesday, October 28, 2009

Barnehagegutt


Tida går fort, skrekkeleg fort. Sondre er allereie 14 mnd og har hatt sin første dag i barnehagen. Det er ikkje lenge sidan me satt på Haukeland og venta på vår nye prins, og nå er han barnehagegutt. Mandag var første dag, og dette gjekk veldig fint. Primærkontakten til Sondre er både veldig flink og svært grei, så då føles det ikkje så fælt å "gi han frå seg" i nokre timar pr dag. Han skal i første omgang gå 60%, så det blir også tid til å vere heime med han far og hu mor (eller mamma og pappa, som Hanne Marte ville sagt:). Første dag i bhg gjekk veldig fint, så fortsettelsen går nok også bra.

Som pappa for Sondre, er tida nå etter at han har passert 12 mnd blitt kjekkare og kjekkare. Det er merkeleg kor mykje kjekkare det er når ein får slik respons og kan lære, leike, danse, synge og tøyse saman. Sondre er vel eigentleg ganske normal gutt, men me som foreldre likar å tru at han er ein ganske snill og humørfylt gutt. Spesielt etter at han knakk koden for å gå, har han blitt ein mykje meir fornøgd og smilande gutt. Det var nok befriande og godt å kunne komme seg fram utan å bli bært, krype eller måtte holde seg fast til ting.

I dag skal Sondre ha sin andre dag i barnehagen. Så nå blir det å gå litt i frå han. Muligens det kjem til å stikke litt ekstra i farshjarta når han blir overlatt til barn og vaksne han ikkje har truffe meir enn ein gong tidlegare. Men, me veit jo at dei berre vil hans beste og at det tar ikkje lange tida før han blir vant til den nye situasjonen.

ldlksdå fwppehf.899fn

Her har Sondre skreve ein kode til dykk. Nokre som klarer å tyde den?


Sunday, October 25, 2009

Glede mej...


...til mannen min kjem heim i ettermiddag!! Bortsett frå nokre tima mellom søndag og mandag, so hekje vi sett kvarandre sia fredag for over ei veke sia, og det begynne å bli ei stond sia no...so ej glede mej til å treffe han igjen!! På en måte litt godt å få savne litt, for då sette en ekstra stor pris på å møtast igjen!:) Velkomen heim Ole!!<3