Thursday, August 11, 2011

Oppdatering!

Då var det sanneleg på tide med eit nytt blogginnlegg! Det byrjar å bli ei stund sidan påske...

Tida etter påske har vore svært spesiell for oss. Pappa har lenge vore kreftsjuk, men vi håpa i det lengste på at han skulle klare seg. Litt før påske vart han meir og meir svak, kroppen klarte ikkje å handtere dei lumske cellene i kroppen lenger...Vi fekk vite at det ikkje vart meir behandling den 5.mai. Vi skunda oss då med å ha ein nydeleg dag for Kamilla og Øyvind der pappa fekk gitt ifrå seg yngstejenta si, og presten fekk velsigna både det komande ekteparet, samt velsigna og bedd for tida og situasjonen. Dette var ei sterk oppleving!


Knappe to veker etter vart Håvard-guten vår døypt. Det vart også ei fin markering. Håvard kosa seg alltid i armkroken til morfar, og der var han alltid velkommen!



5.juni døde papsen. Der og då føltes det godt at han fekk sleppe, samstundes som at det var så uendelig trist at det vart så endeleg...no kjenner vi på savnet av ein frisk, levande, lattermild, omsorgsfull, omtenksom, positiv, hjelpsom, arbeidssom, leikande ++++ pappa, svigerfar og morfar. Livet tek brått ei heilomvending. Likevel må livet gå vidare, og det er godt å ha dei to skjønne gutane våre som verkeleg får oss til å fokusere på livet. Sondre har utruleg mange gode minner av den snille og kjekke morfaren sin, og dei skal vi hjelpe han med å halde friskt i minnet! Han snakkar ofte om morfar, og er oppteken av at morfar har det godt i himmelen hos Jesus. Det er godt for oss alle å tenke på:) Ville ta med eit bilde av mamma og pappa, våre FLOTTE foreldre!!

Gravferda var heilt spesiell! Det var som om taket lyfta seg i kyrkja under salmesongen. MEKTIG! Det er også godt og forbilledleg å sjå kor mange pappa har betydd noko for. Til og med ute på trappa stod det folk, kyrkja var for lita! Ein blir takksam av å oppleve den varmen frå så mange, både kjende og ukjende.

Knappe to veker etter gravferda bar turen sørover i bryllup for Elisabeth og Magnus. Ein stas-dag! Deretter var vi så heldige å få vere fadderar for skjønne Milla på Karmøy! Så bar turen til Tyrkia. Vi hadde i utgangspunktet sett av denne veka til ein Kretatur. Då vi såg at det ikkje lot seg gjere, avbestilte vi denne turen. Når det no gjekk så raskt med pappa på slutten, kjende vi på at vi måtte vere i lag, og veka var allereie sett av. Vi fann oss då ein chartertur til Tyrkia. Eit luksushotell med all inclusive der vi berre kunne slappe av og samle nye krefter! Deilig!:)

Så hadde vi oss ei god veke i Suldal. Der slappa vi av, fekk oss nokon treningsturar, kosa oss på hytta, gjekk turar +++ Kjekt å få vere saman med farmor, farfar og Mussi!

Resten av feria har vi hatt heime. Vi har hatt kjekt besøk av tante Bit (erstatning for fjelleiren vi eigentleg skulle på...det får bli neste år;)). Så har farmor og farfar vore her ei lang og kjekk stund, og no er heile fam Grimstad i området for å planlegge bryllaupet til Kamilla og Øyvind som skal vere fyrstkomande laurdag!:)

Har ikkje lagt inn bilder frå ferien, men dei kjem seinare!!:) Men vil avslutte med eit hærleg bilde av hjerteknusarane våre! <3
Fleire bilder frå ferien kjem nok etterkvart, og ikkje minst frå bryllaupet til helga. Vi gler oss! Nye ting skal også skje til hausten, så det er berre å fylgje med!:)

6 comments:

Anonymous said...

Annika said...

Forrige kommentar sa det egentlig så godt, eg kopierer rett og slett ♥

Tenker på dokke! Håper de får ein fin helg, så treffast vi forhåpentligvis over helga!

Lene Karin said...

Kondolera so masse!<3Håpa da går bra med deg og dine!

Marit and Bjørn Tore said...

Kjäre Hanne Marte og familie! Det berörer virkeleg hjarte mitt dette. Eg kondolerer sä mykje. Stor stor helsing frä Marit.

ane marie said...

Så fin oppdatering! :) Er så glad jeg fikk være med i begravelsen til Einar. Var en spesiell, trist og samtidig veldig fin dag. Dere er sååå fine folk!

Håper du får deg en Oslotur i høst da Hannus! Du er veldig VELKOMMEN!!

KLEM <3

البيت المثالى said...

شركة تنظيف بالاحساء
شركة تسليك مجاري بالهفوف