Friday, September 15, 2006

Hanne Marte i Afrika



I skrivande stund er det akkurat 4 veker igjen til eg tar turen ut til Flesland for å hente "heim igjen" mi kjære Hanne Marte. Må sei at det er ein dag eg ser fram til. 6 veker er tross alt ei stund å vere vekke frå forloveden sin, syns nå eg.

Men, ein ting er sikkert; eg unner Hanne Marte denne reisa. Dette er noko ho aldri kjem til å gløyme. For dei som ikkje forstår noko nå, kan eg fortelle at Hanne Marte er på Madagaskar, ei stor øy nordaust for Sør-Afrika. Her skal ho vere i halvannan mnd i praksis på sjukepleiarstudiet. Sjølve praksisen er 4 veker, mens opphaldet varer i 6 veker. Ein kan sjølv legge saman to og to, og finne ut at her er moglegheitene store for å få bade litt dei to siste vekene...

For meg som sit stakkarsleg igjen her heime i Noreg, kan eg fortelje at det går veldig bra med ho. Litt loppebitt og forkjøling har dei måtte tåle, men ellers er dei helst friske og raske. Når eg nå skriv "dei", er det fordi ho heldigvis slepp å reise åleine ned. Dei er ein venninegjeng frå klassa, så det skulle ikkje vere problem å få nokon å prate med om kveldane. Siste rapport frå Afrika-jenta mi er at reisefølget er det beste av det beste, noko i alle fall eg gler meg over. Har sjølv kjent på å reise utanlands med mindre bra reisefølge, så det er kjekt for ho (og alle dei andre jentene der nede) at dei går godt i lag.

Stakkaren her heime i Noreg må vel seiast å klare seg reltivt godt ja. Det er vel eigentleg ikkje synd på meg. Dagane går helst fort, og allereie har det gått 2 veker sidan ho letta frå Flesland tidlig morgonen den 1.september ( tenk å reise vekk på sin eigen bursdag...) Men, det er rart med det, det blir ikkje heilt det same utan Hanne Marte her i byn.

Det blir mykje skule og trening for tida. Er ikkje så kjekt å sitte for mykje i ro... Ein blir lett støl og gammal av det. Og så går helst tida fortare om ein har noko å gjere på om dagane/kveldane. Nok om meg her heime. Poenget mitt er i alle fall at eg har det veldig bra her i Bergen, men saknar jenta mi

Hanne Marte vil nok fortelje ein del sjølv korleis ho har hatt det, både med bilder og ord. Men, mens internetttilgangen hennar er av det dårlegare slaget der nede, kan eg i alle fall fortelje at dei har vaskehjelp, og at ho berre får 3 kr timen for arbeidet. Så kan ein spørje: Kor mykje skal ein gje i drinks når det er slike kår...? Ein kan liksom ikkje gje 30øre heller. Hanne Marte får forsvare lønnsutgiftene, dei har hatt der nede, når ho kjem tilbake til Noreg. Ein ting er i alle fall sikkert: Eg skulker ikkje skule eller jobb for å få utbetalt 24 kr for ein 8 timars "shinings" av leiligheta i Fabrikkgata 20... (der Hanne Marte bur)

Om du skulle site der ute ein plass i den norske heim, og føle på at du snart burde ha fått hjelp til å ete opp den eplekaka og dei isrestene du har i frysaren, så er nr mitt 957 29 123... Eg skal ikkje ver sein med å kome. Men, helga frå 13-15 oktober er nok opptatt, om ikkje du har to asjettar og to skeier ekstra. Blir kjekt å få ho heim igjen.

Tenkjer- og ber for deg Hanne Marte

2 comments:

Anonymous said...

Nå er det ikke mer enn 2 små kjappe uker igjen! Jeg gleeeder meg!:D

Familien Sukka said...

1 veke igjen i dag........