Thursday, May 31, 2007

Bryllaupet nærmar seg...

I skrivande stund er det akkurat halvanna mnd igjen til bryllaupet vårt. Mykje byrjar å falle på plass, og me gledar oss stort til denne helga. Før du får vite litt meir om festen i midten av juli, skal du få vite litt kva som har skjedd i vår.

Planen var å oppdatere denne sida i blant, men det har vore ein ganske hektisk vår. 1.januar overtok Ole Terje som vaktmeister på Laksevåg Indremisjon, Betania. Det har vore ein veldig kjekk erfaring, og han gledar seg til å jobbe vidare, spesielt nå når hans kjære skal flytte inn. Mykje av jobben består av å vere på huset, ha tilsyn med den daglige drifta, ansvar for utleige av hyblar,vedlikehald, reinald og deltaking i møteverksemda i menigheten. Arbeidsmengda varierer stort frå veke til veke, men til nå har det absolutt vore overkommeleg. Det varierte arbeidet er noko han set stor pris på. Våren har også vore hektisk med skule og andre aktivitetar, så oppdatering her inne på bloggen har blitt litt nedprioritert.

Hanne Marte nærmar seg med stormskritt ferdig utdanna sjukepleiar. Ho har dette året vore ute i lange praksisperiodar, noko ho har trivdes svært godt med. Ho har også vore aktiv med å hjelpe til nede på Laksevåg på bedehuset, noko Sukka har sett stor pris på... Ho gledar seg stort til å flytte ned og inn i vår "nye" leilighet. I det siste har ho også blitt "feira" saman med venninner i eit utdritningslag. Veldig triveleg både for ho og for venninnene hennar. Dei fekk oppleve både laserskyting, "bylek" og hyttetur. Svært kjekt å vere saman med gode venner på ein slik måte.

Akkurat nå har Hanne Marte to veker igjen på skulen. Desse går med til avslutning, instruksjon i sprøytestikking og diverse forelesningar. Ole Terje har starta sommarjobb på Hansa bryggeri der han jobbar som lagermedarbeidar. Her skal han jobbe i juni og halve august. Juli går med til bryllup og bryllupsreise. Hanne Marte skal få bryne seg, og skal for første gong ut i arbeidslivet som ferdig utdanna sjukepleiar på sjukeheimen heime i Ulsteinvik.

Som de forstår, så kjem tida fram til bryllaupet til å gå fort. Me har rukke å planlagt og ordna ein god del til bryllaupet allereie, så me håpar at dei siste vekene ikkje berre blir stress.

Det varmar oss å få så mange kjekke tilbakemeldingar på at de vil kome og feire bryllaupet saman med oss i sommar. Me blir ein god gjeng på rundt 90 middagsgjester og litt fleire på kaffe. Like kjekt er det å høyre om alle som vil bu på folkehøgskulen. Eg trur dette vil vere med på å skape ei ekstra triveleg og sosial helg. Og til dykk som har bestilt rom på folkehøgskulen, kan me meddele at det er i orden med rom. Me har vore å inspisert overnattingsforholda, og det er ein svært fin plass. Gled dykk!

Me har også høyrt rykte om at nokre av dykk leitar etter ønskeliste ulike plasser. Me vil difor minne om at me har lagt ut ønskelister på Tilbords og Christiania Glassmagasin. Det er enno usikkert om det vil bli lagt ut ønskeliste på Jernia, noko som me kjem tilbake til. Skulle det vere problem med å finne ønskelistene, kan me nemne at noko av det me har sett på ønskelistene er servise, type "Silver Superior" til middag, og "Silver Line" til kaffe (kun på Tilbords). Glasa me ønsker oss er "Line", og av bestikk ønsker vi oss Hardangerbestikket "Carina". Ellers blir me glad for diverse skåler/fat, bileter, gryter og knivar +++:)

Velkomne skal de i alle fall vere i sommar, me gler oss storleg!!!

No comments: