Thursday, March 19, 2009

Nå er våren her...

Nå nærmer det seg april, og våren har begynt i Bergen. Ute står krokusene og blømer og vegene er tørre. Snø er utan tvil det beste underlaget, men frå midten av mars av, gjer det ikkje noko at ein må reise til fjells for å finne "det kvite gullet".

Etter ei relativt hektisk arbeidsperiode nærmar det nå seg påskeferie for familien Sukka. Pga oppsparte avspasseringsdager, blir den i år på rekordlange 17 dager. Turen går først til Ulsteinvik, kor me ska vere med på PREP-kurs (samlivskurs for vanlige par:). Her stiller mormor og morfar opp som barnevakter for Sondre, slik at mamma og pappa kan få lære seg å leve godt i lag... Det er vel ei vinn vinn situasjon for alle det:) Turen går så videre til Sandnes, kor me vil besøke oldeforeldre og gode venner. Til slutt ender me opp i Kvilldal, kor farmor og farfar venter spent på Bergensbesøk. Det har ikkje blitt tid til så mange besøk etter at Sondre kom til verda, men nå skal me vere heime i 11 dager, slik at me kan finne roen i lag. Tante Anne Brit kjem også heim ein tur, og det skal bli svært kjekt å få vere heile familien Sukka i lag i nokre dagar.

Sondre skal få prøve seg i pulk for fyrste gong i påska. Me håpar han liker det. Pappaen i huset er klar for innsats, og reknar med at det vert litt meir svetting og annaleis turer enn normalt. Me håpar på godvêr, slik at me kan få nokre fine turer. Det blir nok ikkje Såta med Sondre denne påska, men kanskje me rekk ein tur når besteforeldre eller tante kan ver barnevakt.

I dag er altså våren her i Bergen, og då også tid for å setje seg på sykkelen og sykle ein litt lengre tur enn til jobben. Ruta eg sykla kan absolutt anbefalast, om ein skulle finne på å sykle i Åsane-området. Ruta gjekk frå Morvik, via Salhus, til Nord-hordalandsbrua, via Hordvik, Åsane, Toppe og tilbake til Morvik. God kjensle å ha bytta vekk piggdekka og sykle på tørr asfalt.

I skrivande stund er Sondre og Hanne Marte på lunsj-besøk til barselgruppa. Kjekt at dei finn på ting i lag. I går fekk eg gleda av å vere med Sondre og Hanne Marte på babysang/open barnehage i Åsane kyrkje. Kjekt å sjå korleis ungane koser seg med sang, fellesskap og engasjerte foreldre. Sondre var ennå i minste laget for det opplegget dei hadde her, men han storkosa seg med å sjå på alle dei andre ungane og å sitte i fanget til mamma og pappa under songane. Høgdepunktet var "Hompetitten". Då var det ikkje mykje ro i raua på gutten. Me syng denne ein del heime, slik at han truleg kjente igjen songen, og humpa gladeleg med. Sondre er nå 7mnd, og veks og utviklar seg voldsomt. Han er ein glad gut med masse energi og sterke meiningar. Han søv for det meste svært godt gjennom heile natta, noko me som foreldre er svært glade for. Han åler seg rundt omkring, og synes det å oppdage nye plasser i huset er svært kjekt. I dag tidleg var det klesskapet som skulle sjekkast ut.

Ellers trives me svært godt her i Morvik. Eit godt nabolag og eit hus me er svært nøgde med, gjer at me ikkje angrer på dette valget. Etter påske blir det i gong med diverse malingsprosjekt utendørs, og så skal me begynne å sjå litt på kva me gjer med det uutnytta uteområdet. Truleg blir det ein ny mur, meir plen og fleire blomsterbedd. Me får sjå litt kva me gjer. Kjekt er det uansett å få jobbe litt praktisk med slike oppgåver.

I kveld får me grillbesøk av 23 konfirmanter her i huset. Dei skal få springe eit lokalt orienteringsløp, før me gir dei åndeleg og legemleg føde.

Meir oppdatering om Sondre, familien Sukka og livet i Morvik følgjer.

1 comment:

Silje Kristensen said...

Kjempekjekt med oppdatering folkens =) Håpe me kan få t ett lite treff når dåkkår komme t denne kanten av landet =) Klemklem