Friday, February 05, 2010

Småsjuke i heimen

Sondre går i barnehage for tida, eller rettare sagt; han går så ofte han er frisk. Det har vore ein del sjukdom i det siste. Ikkje noko alvorleg, men nok til at han ikkje har den same gnisten og energien han pleier å ha. Det går visst mykje sjukdom blant barna i barnehagen, og på mandag var dei berre 9 av 20. Det er rart å merke kor slapp vårt ellers litle energiske sjarmtroll kan verte på kort tid

Det er mange gamle minner som kjem tilbake frå når ein sjølv var sjuk. Den gode kalde kluten mor la på panna når feberen pressa på. Det trygge fanget far hadde når ein heller ville sitte i ro enn å springe rundt og leike. Kjensla av å boble over når paraceten byrja å virke, og ein plutseleg får krefter til å tømme leikekassen utover golvet. Kven hugser vel ikkje sitronbrusen, som vist nok skulle ha si virkning, men som truleg ikkje var noko anna enn trøyst og få i oss drikke. Eller bøtta ved sida av sofaen...?


Sondre har hatt mange netter kor han etter kvart har hamna i senga vår utpå natta. Han er herleg når han våkner og roper på vatn på sin eigen gode måte, for så å drikke godt frå den faste Imsdal-flaska. 10 sekund etter er han godt på veg inn i drøymeland i armkroken til mamma. Ein kan kanskje seie at det blir lite søvn på oss to foreldre, men når me kan få vere ei støtte og til hjelp for vår kjære litle Sondre, gjer me det gjerne.

Det er rart kor avhengig eit lite barn er av foreldra sine. Det er eit stort ansvar me har. Både med å gje han ei god og utviklande oppdraging, men mest av alt å gje han trygge og gode rammer gjennom heile oppveksten. Skal han få eigne bein å stå på, må me gje han ein trygg grunn å gå på.

Sjukdom i heimen viser kva som er det viktigaste å ta vare på. Leiker, fine pyntegjenstander, ski, sykler, bil, stereoanlegg osv har så liten verdi i forhold til det å ha kvarandre. Sondre leikar lite med leikene sine når han er sjuk. Drømmehagen på tv fungerer ei stund, men mest av alt er armkroken til mamma det kjæraste nå desse dagane.

Sondre har nettop vakna. Eg fann han sittande svett i senga. Feberen har nok funne vegen ut, og mogleg blir morgondagen betre enn dagen i dag. Likevel er kluten og mamma i sofaen den beste- og viktigaste medisinen han finn no. Han sovnar, og pusten høyres bort til pappaen i stolen. Håpar det blir lyden av små barneføtter som spring over golvet i morgon...



4 comments:

KnøtteKRIK said...

Å stakkar litle Sondre! Det e kje godt når di e sjuke. Å så e mammen blitt sjuke og itte som eg ser på facebook. Du må ønska na god bedring fra oss. Va forresten et kjempefint innlegg. Du skrive godt!

Annika said...

Huff og huff, stakkars både Sondre og Hanne Marte. God bedring til begge!

Kjartan Aano said...

Ja den sitronbrusen har eg aldri likt etter alle minnene med smaken av oppkast og sitronbrus... Eg e takknemlig for at mor ikkje ga meg Cola når eg va sjuk... Mmmm Cola!! Her e ein video fra Sondre til deg Ole: http://www.youtube.com/watch?v=ye21qVvZuoE&feature=player_embedded

Takk for praten på Skype!!! Du e ein KONGE mann/far/kompis!!!

Marit said...

Var innom bloggen deres og måtte lese hele dette flotte innlegget. Så godt skrevet! God bedring til de sjuke! Marit