Monday, February 01, 2010

Sondre på ski for første gong

Mange vil kanskje sei det er litt tidlig, men i dag fekk Sondre prøve sine nye ski. Han storkosa seg, både når han fekk gå mellom beina våre og når han fekk lov å prøve sine nye staver.

Kva skal ein med hytte på fjellet eller firefelts opptrakka løyper, når ein har flotte skiforhold i si eiga gate. Denne vinteren har verkeleg vore veldig flott. Halvanna mnd med skiforhold rett utanfor si eiga stove. Og det i Bergen...


Sjarmtrollet vårt storkoser seg på dei nye snømannskia hans
Hjelp frå pappa er ikkje dumt når ein skal spenne på seg skia for første gong
Ein skal tidleg krøkast som god storfjellsjibber skal bli:)
Mamma er veldig god å støtte seg på, og å motivere når bakken har helling oppover og ikkje nedover
Trenge ikkje å holde på veldig lenge i dag, mamma. Eg klarer ikkje alt første dag:)

1 comment:

Annika said...

Med dei foreldra den skjønne guten har, er det ikkje rart det kom ski på beina no ;) Kan tenke meg han blir ein ordentleg kløppar på ski til neste vinter ;)