Wednesday, February 16, 2011

To brødre



I morgon er Håvard to veker gammal. Tida går fort, når ein har det kjekt. Og vi har absolutt hatt to flotte veker saman heile familien. Vi har hatt eit veldig kjekt besøk av tante Anne Brit og farmor og farfar til gutane våre, noko alle kosa seg med.

I morgon startar Ole Terje på jobb igjen etter to veker fødselspermisjon. Det har på mange måtar vore annaleis veker no enn sist gong. Håvard søv faktisk veldig godt om nettene (enno), så vi har hatt godt med overskot til å få gjort ting i lag. Sjølvsagt var dette ekstra stas når vi hadde besøk i ei veke. Viktigaste grunnen er likevel ikkje sovinga, men at vi no visste meir kva det vil seie å få ein liten unge i huset.

Sondre må få viast litt merksemd i dag også, for ein snillare og meir omtenksom storebror hadde ikkje vi drøymt om. Fortsetter det slik som no, blir det veldig kjekt. Som du ser på bilda, så er han allereie blitt veldig glad i lisjebroren sin, og han gler seg over den forma dei har for kommunikasjon.


2 comments:

Anonymous said...

Så søte di va me like OnePiece-ar! Å Sondre va veeeeeldig lik mammaen sin på det nederste bildet!

Kamilla said...

Åå, for noken herrlige bilde! Gleda meg til å treffe dokke alle i gjenn, om ikkje altfor lenge! God helg!