Lørdag 19.03.11 satte heile familien snuten mot Trollskogen og (
Fantastiske) Osberget. Med på turen hadde vi bensin i form av heimelaga skuleboller. Viktigaste motivasjonsfaktor vart likevel å kome fram til den spennande skogen kor trolla høyrer til.
Dette var også første tur utanfor vogna for Håvard. Han tok det heile med stor ro, og sov likegodt heile turen gjennom.
Sondre fann seg veldig godt til rette i skogen, og det var ikkje berre lett å få han til å gå igjen, når vi måtte vende snuten heimover. Veldig kjekt å sjå kor stas det var å klatre i trea.

Skrekkblanda fryd med ei lita slengdisse

Kjekt når pappaen hjelper til

Veldig kjekt å kunne gå på tur heile familien, uten å måtte holde seg langs vegen. Håvard sov trygt og godt heile turen

Sondre overraska med klatring. Stor stas å vere i Trollskogen

Godt å ha ei trygg og god hånd å holde i undervegs på turen

Dette bildet tok Sondre. Han er veldig glad i knapper og diverse elektronisk, og kompaktkamera er intet unntak.

Utsikten frå Osberget

Mamma med guttane på Osberget
5 comments:
Å hvilken idyll i vårværet! Gleder meg såå til å se dere! :)
Blir kjekt å få deg på besøk, Ane! Velkommen opp:)
Fantastiske bilder frå (fantastiske) Osberget!:) Familien Sukka i sitt ess! Gleda mej til å sjå dåkke igjen:)
Herlige bilder! Så bra at Håvard sov og nøyt turen! Sondre e ein liten tarzan ser eg... :o)
Han overraska med klatringa ja. Me koste oss veldig. Blir kjekt å sjå dokken alle igjen
Post a Comment