Tuesday, June 26, 2012


Håvard og mamma

Sidan søndag formiddag har Håvard og eg vore heime aleine...Sondre og Ole er på gutatur til Karmøy og Suldal, og storkosar seg der! Hos oss her heime er det meir kvardag med jobb og barnehage, men eg trur Håvard synast det er litt godt å få ha leikene litt for seg sjølv nokre dagar;) Vi klarer oss veldig bra! Og no kjem også tante Kamilla til oss og bur med oss, så det er STAS!!:) Outfitten Håvard har på bildet er favoritten!;) Han diggar å sjå seg sjølv i speilet med brillene på, og vi diggar visst og sjå på han vi òg!;) 

Som du sikkert forstod så har Ole starta på ferien! Hærlig! Eg skal ikkje ha ferie før i slutten av juli, men trivast framleis svært godt i jobben, så då går det fint å vente litt til;) I tillegg så har eg takka ja til studieplass på høgskulen i Ålesund, så om to år satsar eg på å tittelere meg som kreftsjukepleiar! Spennande tider!! Og i den forbindelse så måtte tutta sjølvsagt ha seg ein bærbar data, so no sit eg å skriv på min nye, men brukte, mac!! Like it!;) Ole fe låne den altså...;)

Eg har helg no sidan eg skal jobbe komande helg, så difor seier eg: GOD HELG!:) Kanskje det blir litt hyppigare med oppdateringane no da framover...kanskje;) hehe...

1 comment:

Annika said...

Likar litt oppdateringar ja! Og kjenner følelsen med overraskelsar i hagen :)

Vi får ta igjen lunsjinga neste veke :)