Saturday, September 02, 2006

Kanotur med stor K




Kanoturen ble ein stor suksess. Vêret viste seg frå ei si beste side på laurdag, og badevatnet haldt bekvemme 20 grader. Like kjekt var det også at Kjartan og Ane fann tonen, slik at Hanne Marte og eg slapp å måtte vere mellomledd for å få til ein drøs:) (Men, det hadde vel ingen av oss tenkt på førehand...)

Å ha med Kjartan på tur er alltid ei glede. Fyren eig får sperrer og har større fantasi og kreativitet enn mange på vår alder. Under badinga fann han plutseleg ut at stavsprang med ei stor og tung reie var tingen... Sjekk bilda på Ane
si side... Fleire bilder frå turen, inkludert Kjartan sitt stavsprang

Kvelden gjekk med til å lage ein god fiskemiddag, lage ein liten og koseleg gapahuk og god drøs rundt bålet. Hanne Marte sitt og mitt yndlingsspel på tur "Letra-mix" blei diverre ikkje så godt tatt i mot som me hadde håpa på... Ellers vart kvelden rundt bålet ein utruleg kjekk og koseleg kveld. For å sei det slik, me angrar ikkje på valet av forlovarar:)

Søndag morgon vakna me ein etter ein av knott (eller skal ein sei nokon som klaga over knott...). Men, det var ingen vits å sova bort seinsumardagen. Til frokost hadde me egg og bacon og anna godt. I dette høvet fekk eg tjuvtrene saman med Kjartan på kakeetinga som skal skje 14.juli neste sommar.

Då leiren var ferdig rydda kom regnet. Og då uten blygsle. Himmelen opna seg... At Ane hadde droppa regnkleda gjorde ingenting, for søppelsekker kan brukast til alt:)

Tilbake ved kanoutleiga måtte Kjartan og eg ta eit bad. Det var mykje varmare i vatnet enn lufta, men pga litt mild nedkjøling frå før vart denne badeturen ikkje av den drygaste sorten...

Ein utruleg kjekk liten gjeng å reise på tur med. Blir nok ein vintertur i løpet av vårsemesteret. Takk for turen!

3 comments:

ane marie said...

KK for Konge Kanotur!:) Bra beskrivelse av turen vår, det var kjempe-knall! (KK igjen..) Bare en protest; jeg er Letra Mix-fan!! Men kanskje ikke Kjartan nei.. ;)

Håper det går bra noen uker uten Hannusen nå da!;)

Familien Sukka said...

Ja, det var vel Kjartan som ikkje såg heilt gleda i det spelet. Men, me skal nok klare å få han til å sjå poenget- og spenninga i spelet...

Angående Hanne Marte vekke, så trur eg egentlig ikkje det blir så veldig kjekt nei... Men, me må i alle fall ta veldig godt i mot hu når hu komme tebake...

Hanne Marte said...

Hehe, det lova bra, gleda mej allerede!!! Men he d veldig bra her, kosa mej masse! Kan leve lenge paa en slik goeyal opplevelse som kanoturen va!!:) Faar tenke paa det naar savnet blir for stort!!:)