Friday, November 13, 2009

Oppussing av barnerommet

Når dagane berre blir kortare og kortare og kveldane lengre og lengre er det tid for å drive med litt oppussing. Denne gongen er det Sondre sitt rom som skal til verks. Eit mørkt rom med nedslitt tapet og border frå det glade 90-talet, skal bli lyst og pyntast med flyttbare Wallies med Ole Brum og Nasse Nøff. Håpar litleguten vil like rommet sitt. Det blir alltid meir arbeid enn ein har forutsett på forhånd, men rommet blir i alle fall tatt skikkelig.

Så tenker du kanskje, nok ord, kom med bildene!!! Og eg skulle gjerne publisert mykje bilde, men faktum er at eg gløymde det viktigaste, å ta bilde før me byrja oppussinga. Men, de skal få sjå nokre meir bilde når det byrjar å nærme seg ferdig.

Denne helga har me vore så heldig å få besøk av farmor og farfar. Planen er å tapetsere i morgon (lørdag), med hjelp frå farfar. No får me sjå korleis det går med forma både hjå Sondre og underteikna. Sondre ligg for tida for det meste i ro, med høg feber, halssmerter og rask pust. Me slapp nok ikkje unna denne influensa me heller... Underteikna er ikkje så plaga, men kan ikkje skryte på seg å vere meir enn 70%.

I dag har me også sendt avgarde Hanne Marte på jentetur til Stavanger. Så nå venter ei helg med rangling, sove lenge, store konsertopplevelser og fri frå oss gutta.


1 comment:

Jon Ivar said...

Trodde et øyeblikk det var dere gutta som skulle rangle...