Wednesday, November 29, 2006

Vaktmester og leilighet!







Då er det avgjort, me blir i Bergen i to år til...

Det har lenge vore usikkert kor me skulle ende opp neste haust. Tankane har svirra rundt Bergen, Stavanger og Volda. Det har vore både fordel og ulemper med kvar plass, og me har endåtil tenkt tanken på å kjøpe tomt og begynne den lange men kjekke prosessen med å bygge hus. Men, nå har me altså bestemt oss. Det blir Bergen i minst to år til.

Allereie 1.januar byrjar eg som vaktmester på Betania menighet i Laksevåg. Med jobben følger ein stor og fin leilighet i same huset. Den rommar heile 83m2, så det skal ikkje stå på plassen. Som de ser på bildene, er det ei lys og fin leilighet med gode løysningar. For min del blir det nok litt for stort i byrjinga, men kan glede meg til Hanne Marte flyttar inn i slutten av juli. Må sei det skal bli kjekt å "starte sin egen heim". Einar, Gunvor, Anvor og Bjarne (les svigers og mor og far) kjem ned/opp i midten av januar med ein del møblar, så eg trur me skal få det fint etter kvart.

Stas blir det også å få Hanne Marte med på jobben som vaktmester og tilsynspar. Huset består av to næringslokale, to møtesaler, ein del smårom og 8 utleigehyblar for studentar, utanom vår leilighet som ligg i midtre etasje. Vår oppgave blir å ha tilsynet med den daglige drifta/bruken av bygget, vask, brannledar og forefallande arbeid på huset. Må sei det blir spennande å gå frå ei tid der det mest tekniske ein gjer er å skifte lyspærer, skru opp krokar og montere ikea-møbler, til å bli vaktmester. Men, me merker begge to at dette er noko me har lyst til, og noko me ser på som ei utfordring og ein god lærdom å ta med seg vidare i vaksenlivet.

Menighetslivet inngår også som ein del av arbeidet. Hanne Marte har allereie fått forespørsel om å spele på litt møter, mens det nok blir litt leiing på meg. Blir kjekt å føle at ein trengs i ein litt mindre menighet.

Håpar mange har lyst å kome på besøk, og kom gjerne ein tur og bli med på møtene. Kjem kanskje også til å starte opp ei lita bønnegruppe, men det kjem me tilbake til.

Wednesday, November 22, 2006

Monogram


Nå har førebuinga starta litt meir aktivt her i Bergen. Tida framover kjem til å gå utruleg fort, og det er mykje som skal på plass. Heldigvis tykkjer me begge at det er kjekt å både planlegge og fikse og trikse me saker som må ordnast før den store dagen 14.juli 2007. Det siste nye er monogrammet til innbydingane, sanghefta +++ Eg er så heldig å ha eit søskenbarn som er grafisk designer, og som tok jobben med glans. Legg merke til detaljar som tro, von og kjærleik. Me er veldig takknemlege for den jobben du har gjort, Trond!

Ellers så har me byrja å sett ein del på ysnkjeliste. Må jo seie at det er litt vanskeleg å vite kva ein skal ynskje seg, både fordi det er rart å ynskje seg så spesifikke saker og ting, men også fordi det følest litt feil. For vår del blir utan tvil den største gåva å få besøk av slekt og venner frå både heimplassen min, Bergen, austladet og sjølvsagt gjengen frå Ulsteinvik. Me set utruleg stor pris på dei som har moglegheit til å vere med å feire denne store dagen.

Til slutt kan eg nevne at me skal snart avgjere noko som kjem til å ha ein god del å seie for dei neste åra framover. Meir vil eg ikkje seie enno. Trur ikkje det er lenge til de får vite det...

Thursday, November 16, 2006

1/2-års dag!;)

Då har det gått eit halvt år sidan Ole veldig overraskande gjekk på kne under stjernene på Finse! Må sei tida går raskt, men det gjer ho vel ofte når ein har det bra?? Så lykkeleg, så lykkeleg...:) Bildet er tatt rett etter frieriet!

Saturday, October 28, 2006

8,5 måned igjen!


Etter ei lang planleggingspause he vi no fått nåken viktige ting i boks:) Vi he i alle fall vore so heldige at vi fe feire dagen på nye-folkehøskulen! SUFH (Sunnmøre fhs) skal flytte opp på Ulstein Hotell, so da fe vi fine lokale;) Og so e det veldig koslige og flinke folk som jobba der...menyen he vi også bestemt, men det får vel kanskje vere en liten hemmelighet;) Godt skal d i alle fall bli!

Ellers so he vi begynt å tenke litt på fredagen og laurdagen...satsa på å få til litt opplegg då, so sett gjerne av heile helga! Bordkorta e vi faktisk også på god vei ferdige med, takka vere (sviger)mor Anvor...kjekt med alt som e i boks!:) Og so he vi fått fotograf, onkelen til Ole skal ta bilda, og dei bilda ej he sett han he tatt e utrulig fine, so det blir bra!! Og so he vi en kuuul bil (hehe, pappa sin lille "stolthet")... He i alle fall fått nåken ting i boks:) Gi oss gjerne tips på småting som e lett å gløyme!!


Det store spørsmålet for tida e kor vi skal bu neste år...alternativa e i grunnen Bergen, Volda eller Stavanger! Eventuelt NordNorge eller Austerrike;) Akkurat no helde vi i grunnen en knapp på Stavanger!

That`s all for now;) Vi GLEDA oss!!!:) Bilda e forresten tatt forrige helg på tur til vakre haust-Kvilldal! Hadde ei kjempefin helg der:) Ej fekk ett ufrivillig kyss av Toggy...

Monday, October 16, 2006

Heime att!!:)

Her e min FANTASTISKE gutt!! He no vore seks veke på Madagaskar i praksis, og ej skal love dej at det va GODT å kome tilbake (men he hatt det veldig fint altså;))! Flyet landa 23.00 fredags kveld, og der blei ej møtt av Ole som hadde verdens beste klem på lager og tre fine raude rose! Utrulig digg å kunne prate ansikt til ansikt igjen, og ikkje med forsinkelse på fem minutt;) Laurdagen hang vi med systrene mine og "svoger" Øyvind, veldig koslig! Da blei d shopping, Salem og andre kjekke ting! Søndag ettermiddag/kveld hadde Ole laga en overraskelse til mej! I heile stua va det mange te-lys og so hadde han hengt opp 50 hjertelappa som va nummerert...ej leita etter en og en, og på kvar lapp stod det enten eit "oppdrag" der ej måtte fortelle frå turen, f.eks "ka va det morsommaste på turen?", spørsmål om Madagaskar, eit fint ord/vers eller ei oppgave...utrulig koslig, og en super måte å få fortalt litt frå turen uten at det blei for mykje på en gong:) Midt i leiken hadde vi ei god "Svartdahl-pause"! Kvelden blei avslutta på Bryggeloftet restaurant, en veldig koslig plass med utrulig god mat (og kanskje ikkje studentprisa;)). Ej sei bære: ekje gutten min god vel??;) Takk for ei super helg Ole!! Under 9 mnd igjen no:)

Friday, September 15, 2006

Hanne Marte i Afrika



I skrivande stund er det akkurat 4 veker igjen til eg tar turen ut til Flesland for å hente "heim igjen" mi kjære Hanne Marte. Må sei at det er ein dag eg ser fram til. 6 veker er tross alt ei stund å vere vekke frå forloveden sin, syns nå eg.

Men, ein ting er sikkert; eg unner Hanne Marte denne reisa. Dette er noko ho aldri kjem til å gløyme. For dei som ikkje forstår noko nå, kan eg fortelle at Hanne Marte er på Madagaskar, ei stor øy nordaust for Sør-Afrika. Her skal ho vere i halvannan mnd i praksis på sjukepleiarstudiet. Sjølve praksisen er 4 veker, mens opphaldet varer i 6 veker. Ein kan sjølv legge saman to og to, og finne ut at her er moglegheitene store for å få bade litt dei to siste vekene...

For meg som sit stakkarsleg igjen her heime i Noreg, kan eg fortelje at det går veldig bra med ho. Litt loppebitt og forkjøling har dei måtte tåle, men ellers er dei helst friske og raske. Når eg nå skriv "dei", er det fordi ho heldigvis slepp å reise åleine ned. Dei er ein venninegjeng frå klassa, så det skulle ikkje vere problem å få nokon å prate med om kveldane. Siste rapport frå Afrika-jenta mi er at reisefølget er det beste av det beste, noko i alle fall eg gler meg over. Har sjølv kjent på å reise utanlands med mindre bra reisefølge, så det er kjekt for ho (og alle dei andre jentene der nede) at dei går godt i lag.

Stakkaren her heime i Noreg må vel seiast å klare seg reltivt godt ja. Det er vel eigentleg ikkje synd på meg. Dagane går helst fort, og allereie har det gått 2 veker sidan ho letta frå Flesland tidlig morgonen den 1.september ( tenk å reise vekk på sin eigen bursdag...) Men, det er rart med det, det blir ikkje heilt det same utan Hanne Marte her i byn.

Det blir mykje skule og trening for tida. Er ikkje så kjekt å sitte for mykje i ro... Ein blir lett støl og gammal av det. Og så går helst tida fortare om ein har noko å gjere på om dagane/kveldane. Nok om meg her heime. Poenget mitt er i alle fall at eg har det veldig bra her i Bergen, men saknar jenta mi

Hanne Marte vil nok fortelje ein del sjølv korleis ho har hatt det, både med bilder og ord. Men, mens internetttilgangen hennar er av det dårlegare slaget der nede, kan eg i alle fall fortelje at dei har vaskehjelp, og at ho berre får 3 kr timen for arbeidet. Så kan ein spørje: Kor mykje skal ein gje i drinks når det er slike kår...? Ein kan liksom ikkje gje 30øre heller. Hanne Marte får forsvare lønnsutgiftene, dei har hatt der nede, når ho kjem tilbake til Noreg. Ein ting er i alle fall sikkert: Eg skulker ikkje skule eller jobb for å få utbetalt 24 kr for ein 8 timars "shinings" av leiligheta i Fabrikkgata 20... (der Hanne Marte bur)

Om du skulle site der ute ein plass i den norske heim, og føle på at du snart burde ha fått hjelp til å ete opp den eplekaka og dei isrestene du har i frysaren, så er nr mitt 957 29 123... Eg skal ikkje ver sein med å kome. Men, helga frå 13-15 oktober er nok opptatt, om ikkje du har to asjettar og to skeier ekstra. Blir kjekt å få ho heim igjen.

Tenkjer- og ber for deg Hanne Marte

Saturday, September 02, 2006

Kanotur med stor K




Kanoturen ble ein stor suksess. Vêret viste seg frå ei si beste side på laurdag, og badevatnet haldt bekvemme 20 grader. Like kjekt var det også at Kjartan og Ane fann tonen, slik at Hanne Marte og eg slapp å måtte vere mellomledd for å få til ein drøs:) (Men, det hadde vel ingen av oss tenkt på førehand...)

Å ha med Kjartan på tur er alltid ei glede. Fyren eig får sperrer og har større fantasi og kreativitet enn mange på vår alder. Under badinga fann han plutseleg ut at stavsprang med ei stor og tung reie var tingen... Sjekk bilda på Ane
si side... Fleire bilder frå turen, inkludert Kjartan sitt stavsprang

Kvelden gjekk med til å lage ein god fiskemiddag, lage ein liten og koseleg gapahuk og god drøs rundt bålet. Hanne Marte sitt og mitt yndlingsspel på tur "Letra-mix" blei diverre ikkje så godt tatt i mot som me hadde håpa på... Ellers vart kvelden rundt bålet ein utruleg kjekk og koseleg kveld. For å sei det slik, me angrar ikkje på valet av forlovarar:)

Søndag morgon vakna me ein etter ein av knott (eller skal ein sei nokon som klaga over knott...). Men, det var ingen vits å sova bort seinsumardagen. Til frokost hadde me egg og bacon og anna godt. I dette høvet fekk eg tjuvtrene saman med Kjartan på kakeetinga som skal skje 14.juli neste sommar.

Då leiren var ferdig rydda kom regnet. Og då uten blygsle. Himmelen opna seg... At Ane hadde droppa regnkleda gjorde ingenting, for søppelsekker kan brukast til alt:)

Tilbake ved kanoutleiga måtte Kjartan og eg ta eit bad. Det var mykje varmare i vatnet enn lufta, men pga litt mild nedkjøling frå før vart denne badeturen ikkje av den drygaste sorten...

Ein utruleg kjekk liten gjeng å reise på tur med. Blir nok ein vintertur i løpet av vårsemesteret. Takk for turen!

Tuesday, August 22, 2006

Forlovertur og bursdagsoverraskelse for Hanne Marte

Dette må du love å ikkje fortelle til Hanne Marte viss du treffer hu med det første. Turen skal nemlig vere ein overraskelse. Og skulle det skje at hu får vite det, må hu i alle fall ikkje få vite kor turen går...









Slik var i alle fall planen, men ivrige sjeler (skal ikkje nemne namn)klarte ikkje å holde på denne hemmeligheten, så nå veitt Hanne Marte heile turopplegget. Det gjer eigentleg ikkje så mykje, for nå kan ho i det minste gå og glede seg te kanotur samen med Ane Marie (hennar forlovar), Kjartan (Ole sin forlovar) og underteikna.

Gledar meg stort til å reise på tur der menyen framleis er hemmeleg, og der me får feire både Hanne Marte sin gebursdag og 1 års jubileum for forholdet til Hanne Marte og eg. Sist men ikkje minst, blir det topp at Kjartan og Ane får møte kvarandre før bryllupet. Slik kan me forhindre to flaue og raudsprengte unge vaksne gåande bak oss i kyrkja på veg ut frå kyrkja 14.juli 2007.

Ole Terje

Friday, August 18, 2006

Bryllup om 11 mnd

Der folket møter fjorden
Kan kanskje virke litt heftig å lage eigen bryllupsblogg, men det får nå så ver. Kjekt å oppdatere litt om ka som skjer gjennom planlegginga. Te nå e i alle fall frieriet ordna, og det var nå ein grei ting å få i orden:) Ellers begynne me å sjå at ting kan ordne seg. Det gjelde bare å ver litt tidlig ute og å få hjelp av venner og familie for å lage den 14.juli 2007 til ein kjekk dag for alle.

Har du som lese dette nåke du har lyst å hjelpe til med, så e det bare å ta kontakt:) Du ska sjølvsagt få ein is som takk for hjelpa:)