Monday, May 24, 2010

Sykkeltur til Hetlebakksåta

Like nord for Bergen travpark ligg ein fin topp på ca 360moh. Denne var eg på fredag. Skulel teste om den var fin å bruke som fellestur med terrengsykkel med ungdommene i Eidsvåg Adventure. Dessverre viste den seg å vere litt vel teknisk krevande for utrena ungdom. Vel er mange av dei ganske sprø, men litt for mange vanskelege parti til at det er kjekt å vere hovedleder på ein slik tur. Utsikta på toppen er det derimot ingenting å klage over:)

Søndagstur i nabolaget




Vi har kome langt ut i mai, og dagane er lyse og lange. Mens ein tidlegare var mykje innomhus om kveldane, er ein no ofte ute heilt til leggetid for minstemann. Det er kjekt å vere ute, både fordi temperaturen er behageleg, fargene er tilbake og haustens innsats med å lage hage har byrja å bere frukter. Ekstra kjekt er det at alle naboene også er ute for tida. Det blir derfor mykje god lek for Sondre, og me foreldre får også møtes for å slå av ein prat. Sondre leker mykje- og godt i lag med naboguten, dei me deler tomannsbolig med. Titt og ofte ringer me på døra deira eller omvendt for å spørre om dei har lyst å vere med ut og leike.

Sondre veks mykje for tida. Han er no 21mnd, og nærmar seg sine to år. Han strekk seg, men også er læringskurva bratt. Tydeleg at tida er inne for å adobtere det dei rundt han gjer. Me foreldre må visst begynne å passe oss for kva me gjer. Her ein dag blei eg frista til å balansere på ein kant som låg ca 3 meter over bakken. (U)heldigvis klarte Hanne Marte å stoppe meg, slik at ikkje Sondre skulle sjå og prøve sjølv... Det er visst berre å vokse opp og bli voksen...

Bilda er tatt 2.pinsedag, då pappaene i tomannsboligen tok seg ein tur med guttane sine i nabolaget.