Wednesday, November 29, 2006

Vaktmester og leilighet!







Då er det avgjort, me blir i Bergen i to år til...

Det har lenge vore usikkert kor me skulle ende opp neste haust. Tankane har svirra rundt Bergen, Stavanger og Volda. Det har vore både fordel og ulemper med kvar plass, og me har endåtil tenkt tanken på å kjøpe tomt og begynne den lange men kjekke prosessen med å bygge hus. Men, nå har me altså bestemt oss. Det blir Bergen i minst to år til.

Allereie 1.januar byrjar eg som vaktmester på Betania menighet i Laksevåg. Med jobben følger ein stor og fin leilighet i same huset. Den rommar heile 83m2, så det skal ikkje stå på plassen. Som de ser på bildene, er det ei lys og fin leilighet med gode løysningar. For min del blir det nok litt for stort i byrjinga, men kan glede meg til Hanne Marte flyttar inn i slutten av juli. Må sei det skal bli kjekt å "starte sin egen heim". Einar, Gunvor, Anvor og Bjarne (les svigers og mor og far) kjem ned/opp i midten av januar med ein del møblar, så eg trur me skal få det fint etter kvart.

Stas blir det også å få Hanne Marte med på jobben som vaktmester og tilsynspar. Huset består av to næringslokale, to møtesaler, ein del smårom og 8 utleigehyblar for studentar, utanom vår leilighet som ligg i midtre etasje. Vår oppgave blir å ha tilsynet med den daglige drifta/bruken av bygget, vask, brannledar og forefallande arbeid på huset. Må sei det blir spennande å gå frå ei tid der det mest tekniske ein gjer er å skifte lyspærer, skru opp krokar og montere ikea-møbler, til å bli vaktmester. Men, me merker begge to at dette er noko me har lyst til, og noko me ser på som ei utfordring og ein god lærdom å ta med seg vidare i vaksenlivet.

Menighetslivet inngår også som ein del av arbeidet. Hanne Marte har allereie fått forespørsel om å spele på litt møter, mens det nok blir litt leiing på meg. Blir kjekt å føle at ein trengs i ein litt mindre menighet.

Håpar mange har lyst å kome på besøk, og kom gjerne ein tur og bli med på møtene. Kjem kanskje også til å starte opp ei lita bønnegruppe, men det kjem me tilbake til.

Wednesday, November 22, 2006

Monogram


Nå har førebuinga starta litt meir aktivt her i Bergen. Tida framover kjem til å gå utruleg fort, og det er mykje som skal på plass. Heldigvis tykkjer me begge at det er kjekt å både planlegge og fikse og trikse me saker som må ordnast før den store dagen 14.juli 2007. Det siste nye er monogrammet til innbydingane, sanghefta +++ Eg er så heldig å ha eit søskenbarn som er grafisk designer, og som tok jobben med glans. Legg merke til detaljar som tro, von og kjærleik. Me er veldig takknemlege for den jobben du har gjort, Trond!

Ellers så har me byrja å sett ein del på ysnkjeliste. Må jo seie at det er litt vanskeleg å vite kva ein skal ynskje seg, både fordi det er rart å ynskje seg så spesifikke saker og ting, men også fordi det følest litt feil. For vår del blir utan tvil den største gåva å få besøk av slekt og venner frå både heimplassen min, Bergen, austladet og sjølvsagt gjengen frå Ulsteinvik. Me set utruleg stor pris på dei som har moglegheit til å vere med å feire denne store dagen.

Til slutt kan eg nevne at me skal snart avgjere noko som kjem til å ha ein god del å seie for dei neste åra framover. Meir vil eg ikkje seie enno. Trur ikkje det er lenge til de får vite det...

Thursday, November 16, 2006

1/2-års dag!;)

Då har det gått eit halvt år sidan Ole veldig overraskande gjekk på kne under stjernene på Finse! Må sei tida går raskt, men det gjer ho vel ofte når ein har det bra?? Så lykkeleg, så lykkeleg...:) Bildet er tatt rett etter frieriet!