Tuesday, November 27, 2007

"Nå e dokken etablerte"

I følge Knut, så er det å få eit akvarium, teiknet på å bli etablerte... Ikkje veit eg, men skøy er det i alle fall. Julegåve på forskot frå mine kjære svigerforeldre vart i år eit kledeleg akvarium med det tilbehøret som trengtes. Så nå sym det 16 små fiskar rundt i vår heim:) Kan ikkje anna enn å seie at nå kan tven bare gå å legge seg. Det finns ikkje betre måte å slappe av enn å sjå på nokre fiskar som lever sitt enkle liv inne blant ruinar og små buskevekster...


Ok, eg innrømmer at eg høyres ut som ein gammal mann, Knut. Men, eg skal prøve å holde meg ung og sprek på andre måtar;) Du kan få lov til å seie din meining om akvarium og fiskehald på kommentarsidene, eller så kan du stemme på venstresida...




Saturday, November 03, 2007

Friday, October 26, 2007

GODT GIFTE!:)

Da va det vel på tide å avslutte dinne bloggen her med å fortelle alle at vi blei godt gifte, og dagen vart fantastisk! Dagane etter bryllupet he vore fantastiske dei også, so vi kan vel bære skrive under på at det e GODT Å VERE GIFT!!:) Takk til alle som gjorde dagen minnerik for oss, og takk til alle som fortsatt gidde å henge med ekteparet Sukka;) Vi he plenti av både husrom og hjerterom i Kringsjåveien, so alle e velkomne!! Må nesten ha med eit par bilde frå den store dagen...:)

HURRA!!!!:)

Thursday, July 12, 2007

Velkommen til Ulsteinvik!


I morgon, fredag, starter moroa. Håper de er klare for å kome opp til kystperla. Me har stått på dei siste vekene slik at de skal få ei super helg. Håpar de er klare for ei storslått feiring saman med oss. Værvarslingane er litt skiftande, men det ser eigentleg veldig bra ut. Ikkje alt for varmt, skiftande skydekke og svak vind.

Me gler oss til de kjem.

Hanne Marte og Ole Terje m/familiar

Monday, July 02, 2007

Litt praktisk...

Her kjem litt praktisk informasjon rundt reising og slik:

For dei som kjem med fly til Ørsta:
Det går ingen buss rett frå flyplassen, dokke må då gå ut til hovedveien (5-10 min). Ta bussen frå same side som flyplassen er på, dvs mot Ørsta. For dei som kjem fredagen, går bussen frå Volda (er ved flyplassen 5-10 min etter det) kl:
0800, 0850, 1155, 1345, 1515, 1550. Det står truleg Ulsteinvik/Fosnavåg/Hareid eller Ålesund på bussen.

Desse bussane kan dokke ta forbi Ulsteinvik og mot Hareid, be sjåføren om å stoppe ved Varleite/gamlehotellet. Då er det berre 2 minutt å gå opp til folkehøgskulen (gamlehotellet), der festen og overnattingslokala er.

Dersom dokke kjem etter siste buss har gått, vil nok det beste vere å prøve å fylle opp ein taxi som kan køyre til fergekaia på Rjånes (ca 1 mil), så kan dokke gje ein lyd om at dokke må bli henta på andre sida. Sei gjerne i frå om det i litt god tid:)

For dei som tek fly til Ålesund/Vigra, så er der oppsett bussar heile døgnet som går til hurtigbåten som går over til Hareid. På Hareid går det vidare buss til Ulsteinvik. Ikkje ta bussen heilt til Ulsteinvik, men be sjåføren om å stoppe ved Varleite/gamlehotellet.

Dersom det er andre bussruter dokke lurer på, er addressa www.morebil.no.

Folkehøgskulen ligg berre 5 min gåavstand frå Hanne Marte, det er difor ikkje nødvendig med bil bort dit på fredagen. Vi kan enten guide, eller lage eit minikart;) Til kyrkja er det litt lenger, men mange har bil, så vi skal få sørga for at alle kjem seg både til og frå kyrkja ved å sitje på med folk.

Håper dokke forstod forklaringane;) hehe...visst ikkje er det berre å ta kontakt! Tenk, berre 12 dagar igjen...SMIL!!:D

Tuesday, June 19, 2007

Gåvelister...

No er det (endeleg!) lagt ut gåvelister på Åse Dimmen og Waage!! I tillegg har vi liste på Tilbords og Glassmagasinet. 25 daga igjen!!!!!!!! Juhuuu:)

Thursday, May 31, 2007

Bryllaupet nærmar seg...

I skrivande stund er det akkurat halvanna mnd igjen til bryllaupet vårt. Mykje byrjar å falle på plass, og me gledar oss stort til denne helga. Før du får vite litt meir om festen i midten av juli, skal du få vite litt kva som har skjedd i vår.

Planen var å oppdatere denne sida i blant, men det har vore ein ganske hektisk vår. 1.januar overtok Ole Terje som vaktmeister på Laksevåg Indremisjon, Betania. Det har vore ein veldig kjekk erfaring, og han gledar seg til å jobbe vidare, spesielt nå når hans kjære skal flytte inn. Mykje av jobben består av å vere på huset, ha tilsyn med den daglige drifta, ansvar for utleige av hyblar,vedlikehald, reinald og deltaking i møteverksemda i menigheten. Arbeidsmengda varierer stort frå veke til veke, men til nå har det absolutt vore overkommeleg. Det varierte arbeidet er noko han set stor pris på. Våren har også vore hektisk med skule og andre aktivitetar, så oppdatering her inne på bloggen har blitt litt nedprioritert.

Hanne Marte nærmar seg med stormskritt ferdig utdanna sjukepleiar. Ho har dette året vore ute i lange praksisperiodar, noko ho har trivdes svært godt med. Ho har også vore aktiv med å hjelpe til nede på Laksevåg på bedehuset, noko Sukka har sett stor pris på... Ho gledar seg stort til å flytte ned og inn i vår "nye" leilighet. I det siste har ho også blitt "feira" saman med venninner i eit utdritningslag. Veldig triveleg både for ho og for venninnene hennar. Dei fekk oppleve både laserskyting, "bylek" og hyttetur. Svært kjekt å vere saman med gode venner på ein slik måte.

Akkurat nå har Hanne Marte to veker igjen på skulen. Desse går med til avslutning, instruksjon i sprøytestikking og diverse forelesningar. Ole Terje har starta sommarjobb på Hansa bryggeri der han jobbar som lagermedarbeidar. Her skal han jobbe i juni og halve august. Juli går med til bryllup og bryllupsreise. Hanne Marte skal få bryne seg, og skal for første gong ut i arbeidslivet som ferdig utdanna sjukepleiar på sjukeheimen heime i Ulsteinvik.

Som de forstår, så kjem tida fram til bryllaupet til å gå fort. Me har rukke å planlagt og ordna ein god del til bryllaupet allereie, så me håpar at dei siste vekene ikkje berre blir stress.

Det varmar oss å få så mange kjekke tilbakemeldingar på at de vil kome og feire bryllaupet saman med oss i sommar. Me blir ein god gjeng på rundt 90 middagsgjester og litt fleire på kaffe. Like kjekt er det å høyre om alle som vil bu på folkehøgskulen. Eg trur dette vil vere med på å skape ei ekstra triveleg og sosial helg. Og til dykk som har bestilt rom på folkehøgskulen, kan me meddele at det er i orden med rom. Me har vore å inspisert overnattingsforholda, og det er ein svært fin plass. Gled dykk!

Me har også høyrt rykte om at nokre av dykk leitar etter ønskeliste ulike plasser. Me vil difor minne om at me har lagt ut ønskelister på Tilbords og Christiania Glassmagasin. Det er enno usikkert om det vil bli lagt ut ønskeliste på Jernia, noko som me kjem tilbake til. Skulle det vere problem med å finne ønskelistene, kan me nemne at noko av det me har sett på ønskelistene er servise, type "Silver Superior" til middag, og "Silver Line" til kaffe (kun på Tilbords). Glasa me ønsker oss er "Line", og av bestikk ønsker vi oss Hardangerbestikket "Carina". Ellers blir me glad for diverse skåler/fat, bileter, gryter og knivar +++:)

Velkomne skal de i alle fall vere i sommar, me gler oss storleg!!!

Wednesday, May 02, 2007

Oppdatering kjem

Må berrre beklage, for dårlegare oppdatering skal ein leite lenge etter. Om kort tid legg me ut litt meir informasjon om bryllaupet og kva som har skjedd i våre liv i det siste. Håpar du ikkje har gitt heilt opp denne bloggen, sjølv om det har gått lang tid sidan sist oppdatering

Lover ei forbetring nå fram mot bryllaupet. Berre 2mnd og 12 dagar igjen nå...

Hanne Marte og Ole Terje

Tuesday, March 06, 2007

Så godt vi he det...


No he vi hatt oss en skikkelig god tur til vakre Sunnmøre! På tross av at vi begge he hatt oppgåver som "henge" over oss he vi hatt nåken veldig kjekke daga heime:) He fått fiksa en god del bryllupsting også, foreløpig e det bære kjekt å styre og stelle! He snart fått ferdig alle invitasjonane (kanskje derfor du e her inne no?!?;))!! Ellers so he vi vore på folkehøgskulen for å kike litt og snakke med husmor, og det ekje tvil om at det blir en heilt super plass å feire dagen vår på!! Skikkelig fint og opent, og veldig kjekke og hjelpsomme folk! Ellers so va vi en tur i Molde for å snakke med min onkel Øystein som skal vie oss...en fin samtale, og vi føle begge at vi he gjort ett rett prestevalg! Va faktisk på Molde stadion for å ete lunsj attmed han og alle fotballspelarane, stas;) hehe...








Alt blir liksom litt meir virkelig og nært no når ting begynne å falle i boks...og det e bære en GODGOD følelse!! Snart bære 4 mnd igjen;)








Ellers so høyre det med å fortelle om vår FANTASTISKE!! dag i Ørstafjella!! Vi to, Magnus og Knut sette kursen mot Bondalen der vi hadde tre tima i bakken før vi tok heisa til toppen og gjekk vidare oppover til Veirahaldet! En knall tur, hærlig pudderføre og gode venna!!! Jeppsi, vi he det bra...:) tilbake til oppgåva...:P

Monday, February 26, 2007

Invitasjonar på veg ut

Nå byrjar det å bli leenge sidan sist det skjedde noko på denne sida her. Sidan sist har det rukke å blitt eit nytt år, vinteren har banka på døra og busett seg på fjellet og undertegna har fått bupæl på Laksevåg. Det er rart med det, men tida går så utruleg fort for tida. I sommar virka det alt for lenge med eit år til giftarmålet, men nå nærmar det seg med stormskritt. Du må nok tru om igjen viss du trur at eg angrar eller gruar meg. Nei, det handlar ikkje om få bryllupsnerver, men om å faktisk innsjå at snart skal me samle saman bortimot 4-5 snes med slekt og venner til feiring i Ulsteinvik.

Om du er ein av dei som allereie har fått invitasjonen og har gått inn på denne sida for første gong, er du velkomen til å følge med på kva som skjer nå fram mot den 14.juli. Kan ikkje love daglege oppdateringar, men det kan vere greitt å stikke innom av og til for å sjekke om det er noko nytt på tapeten.

Det siste som har skjedd på bryllaupsfronten er, som du sikkert forstår, at invitasjonane er på veg ut. Slekta til undertegna har fått tilsendt, mens slekta til Hanne Marte får sine no denne veka. I morgon, tysdag 27.februar skal me nemleg på vinterferie i Ulsteinvik. Vinterferie er kanskje å trekke strikken litt langt, då både Hanne Marte og eg lyt skrive oppgåver, men avkobling frå livet i Bergen blir det i alle fall. Storvegs å få besøke "svigers" og få seg ein tur på ski.

Ski ja, utan tvil den kjekkaste friltidsaktiviteten ein kan drive med, i alle fall om du spør den nye vordene familien Sukka. Har diverre ikkje blitt så mykje som ønskjeleg, men dei turane me har hatt har vore kjekke. Siste tur var no på lørdag saman med fire gode vener frå Bergen. At sikten på Byrkjefjell var til tider tilnærma null og føret var svært uforutsigbart, la ikkje ein dempar for verken humør eller godkjensla etterpå.

Ole Terje