Monday, February 28, 2011

Forrige torsdag...

...vart Håvard 3 veker, og Sondre var Ole Brum i barnehagen (karneval). Her er nokre bilder av skjønnasane våre den dagen!:) I arkivet her på bloggen har vi lagt ut ein del bilder av Sondre då han var 3 veker...ganske stor forskjell i størrelsen (kanskje ikkje så rart sidan Håvard var 1,5 kg tyngre enn Sondre då han vart født...), men vi ser absolutt syskenlikheiter!:) Flotte og blide er dei i alle fall begge to!!:)






Monday, February 21, 2011

Storebrortur til Storebroren


Søndag var Sondre og pappa på ein fantastisk flott skitur til fjellet Storebroren på Hareidlandet (øya vi bur på). Heilt vindstille og nydelege forhold gjorde dagen til ei kjempeflott oppleving for både far og sønn. Heile 5 1/2time var vi ute, og då gjorde godt undervegs å ha kosepauser med kalde pizzastykker frå løradagskosen dagen før, innlagt leik og eventyrstund på skuldrene til pappa. Ei god soveøkt vart det også tid til.

Ein ting må eg få kommentere: Sondre er i ferd med å bli ein ekte sunnmøring. Han fekk lov til å ha med seg to leiker på turen. Veit du kva han valgte? Sparebøsse og ferje... Treng eg seie meir...?


Fantastisk utsikt innover mot Sunnmørsalpane


Ferja og sparebøssa var dei hottaste lekene å ha med seg på skitur...Nydeleg utsikt mot Storhavet og fuglefjellet Runde til venstre i bildetEin veldig glad pappa som har tatt med storebroren til "Storebroren". Sondre sov når bildet blei tatt...

Wednesday, February 16, 2011

To brødre



I morgon er Håvard to veker gammal. Tida går fort, når ein har det kjekt. Og vi har absolutt hatt to flotte veker saman heile familien. Vi har hatt eit veldig kjekt besøk av tante Anne Brit og farmor og farfar til gutane våre, noko alle kosa seg med.

I morgon startar Ole Terje på jobb igjen etter to veker fødselspermisjon. Det har på mange måtar vore annaleis veker no enn sist gong. Håvard søv faktisk veldig godt om nettene (enno), så vi har hatt godt med overskot til å få gjort ting i lag. Sjølvsagt var dette ekstra stas når vi hadde besøk i ei veke. Viktigaste grunnen er likevel ikkje sovinga, men at vi no visste meir kva det vil seie å få ein liten unge i huset.

Sondre må få viast litt merksemd i dag også, for ein snillare og meir omtenksom storebror hadde ikkje vi drøymt om. Fortsetter det slik som no, blir det veldig kjekt. Som du ser på bilda, så er han allereie blitt veldig glad i lisjebroren sin, og han gler seg over den forma dei har for kommunikasjon.


Sunday, February 13, 2011

Tuesday, February 08, 2011

Heime igjen


No har vi fått Håvard og Hanne Marte heim igjen. Det er veldig stas. Sondre spurte veldig etter både Håvard og mamma mens dei var på sjukehuset, så at dei var velkomen heim var ingen i tvil om. Sondre og pappaen i huset lagde velkomstflagg med ballonger. Det er ein bokstav på kvar ballong, sjølv om det kanskje ikkje ser slik ut på bildet.

Sjølv om Håvard ikkje er ei veke enno, er vi blitt veldig glade i vår siste flotte gut. Han er ein veldig roleg gut, som gjerne er våken i fleire timar i strekk utan å gje meir lyd i frå seg enn å seie her er eg:) Det kan virke som at han får nok mat, og at han difor slepp å bruke alle kreftene på å be om påfyll.



Sondre er ein veldig flink storebror. Stolt og interessert. Vi gler oss mykje til tida framover, og føler at no er vi i ferd med å bli ei familie, meir enn nokon gong tidlegare.




Saturday, February 05, 2011

Håvard er født


Om ikkje du har høyrt det før, så har vi fått vår nydelege lisje gut. Håvard vart født torsdag 03.02.2011. Meir bilde og informasjon vil kome, men i mellomtida kan du sjå ein liten film om eit sterkt forhold mellom far og son. Ei sterk historie ligg bak, så klikk deg gjerne vidare og sjå fleire historier om Dick & Rick Hoyt