Thursday, July 12, 2007

Velkommen til Ulsteinvik!


I morgon, fredag, starter moroa. Håper de er klare for å kome opp til kystperla. Me har stått på dei siste vekene slik at de skal få ei super helg. Håpar de er klare for ei storslått feiring saman med oss. Værvarslingane er litt skiftande, men det ser eigentleg veldig bra ut. Ikkje alt for varmt, skiftande skydekke og svak vind.

Me gler oss til de kjem.

Hanne Marte og Ole Terje m/familiar

Monday, July 02, 2007

Litt praktisk...

Her kjem litt praktisk informasjon rundt reising og slik:

For dei som kjem med fly til Ørsta:
Det går ingen buss rett frå flyplassen, dokke må då gå ut til hovedveien (5-10 min). Ta bussen frå same side som flyplassen er på, dvs mot Ørsta. For dei som kjem fredagen, går bussen frå Volda (er ved flyplassen 5-10 min etter det) kl:
0800, 0850, 1155, 1345, 1515, 1550. Det står truleg Ulsteinvik/Fosnavåg/Hareid eller Ålesund på bussen.

Desse bussane kan dokke ta forbi Ulsteinvik og mot Hareid, be sjåføren om å stoppe ved Varleite/gamlehotellet. Då er det berre 2 minutt å gå opp til folkehøgskulen (gamlehotellet), der festen og overnattingslokala er.

Dersom dokke kjem etter siste buss har gått, vil nok det beste vere å prøve å fylle opp ein taxi som kan køyre til fergekaia på Rjånes (ca 1 mil), så kan dokke gje ein lyd om at dokke må bli henta på andre sida. Sei gjerne i frå om det i litt god tid:)

For dei som tek fly til Ålesund/Vigra, så er der oppsett bussar heile døgnet som går til hurtigbåten som går over til Hareid. På Hareid går det vidare buss til Ulsteinvik. Ikkje ta bussen heilt til Ulsteinvik, men be sjåføren om å stoppe ved Varleite/gamlehotellet.

Dersom det er andre bussruter dokke lurer på, er addressa www.morebil.no.

Folkehøgskulen ligg berre 5 min gåavstand frå Hanne Marte, det er difor ikkje nødvendig med bil bort dit på fredagen. Vi kan enten guide, eller lage eit minikart;) Til kyrkja er det litt lenger, men mange har bil, så vi skal få sørga for at alle kjem seg både til og frå kyrkja ved å sitje på med folk.

Håper dokke forstod forklaringane;) hehe...visst ikkje er det berre å ta kontakt! Tenk, berre 12 dagar igjen...SMIL!!:D