Sunday, December 26, 2010

Sangspire

Stas med juleselskap kor dei aller minste står for underholdninga. Sjå linken juleselskap

Tuesday, November 30, 2010

Velkomen til oss!


No byrjar første del av oppussinga å bli ferdig, og vi gler oss over vår nye heim. Om du ikkje har høyrd det før, så skal du i alle fall få høyre det no: Velkomen på besøk. Anten det er ein 5 minutters stikk innom eller lange feriedager, så er du og dine hjarteleg velkomne.

Akkurat no ligg Sondre i kjellaren og søv. Hanne Marte og eg sit framfor peisen og nyt roen og kvelden i lag. Vi har på mange måtar budd midt oppe i rotet no i fleire mnd, så det er ekstra godt å kunne slappe av med ferdigstilt gang, kjøkken og stove. Litt småplukk heng igjen, men det ornder seg ganske snart.

Bilda viser berre gangen, fordi eg var lat og gidda ikkje rydde resten av huset...:) Får ta dette igjen seinare. Kanskje vi skal lage ein bildeserie frå heile oppussinga.


Wednesday, November 10, 2010

Båltur


I dag løya vinden, og anledningen baud seg for å ta seg ein båltur. Dette likte både poden og oss to gamle:) Farmor tok seg også ein tur opp med kakao og boller.




Tuesday, November 09, 2010

Førjulskveld

Sidan me skal feire jul på Sunnmøre, og farmor og farfar skal feire jul åleine i år, hadde me ei lita førjulsfeiring i kveld. Stor stas med både nydeleg middag, julesang og nokre pakkar. Sondre avslutta kvelden med å synge og spele samen med farmor, Sondre på piano og farmor på gitar og fiolin. Ingen tvil om at han er glad i musikk.




Guten er klar for førjulsfeiring
Sondre koser seg med pusen

Monday, November 08, 2010

Farmor og farfar

I skrivande stund er vår lille familie på 3 1/2 heime hjå farmor og farfar i Suldal. Tekst får kome etter kvart, men vi koser oss i alle fall veldig. Bilda er ikkje av verdens beste kvalitet, trass at det er verdens beste telefon som har tatt dei:) (var i alle fall verdens beste inntil dei ville tjene litt ekstra på å lansere ein viss 4'er...)Sondre, farmor og pusen koser seg med barne-tv
Den lokale konditoren/bakaren har dette skiltet på veg inn i kafé-delen.

På besøk til farfar på jobb. Stor stas å sitte i trucken...

Thursday, November 04, 2010

Tur!!


No e vi klar for tur sørover!!! Sondre he gleda sej veldig lenge no til å få reise til farmor, farfar og pus, og til å treffe kjekke tanter, onklar og andre vennar i Bergen og Karmøy. Det skal bli kjekt med ei skikkelig ferieveke! Sekkane er pakka, og i Suldal ventar to spente besteforeldre, nylufta dyner, nydelege måltid, artige spelekveldar, kjekke aktivitetar og gode samtalar. Og så er det skikkeleg bonus å få med seg nokre besøk både på vei ned og opp. Vi er heldige som har mulighet til å ta slike "langturar"!:)

Sondre har fått skikkelig sansen for Emil i det siste, så han e klar for rampestrekar i baksetet!;)
Må innrømme at min skepsis til DVD i bilen ikkje er til stades lenger så lenge ein klarer å ha klare reglar på det. Når ein skal køyre så langt med ein liten kar, er det genialt å kunne slå i hel ein time med god underhaldning i baksetet. Jubelen var i alle fall stor då ej kom heim med ein Emil-DVD!! Og gjett om Sondre har venta på å få sjå den filmen!!?? Så han gledar seg til å køyre bil, for då skal han få sjå EEEEEEEMIL!

God helg og veke til dokke!!

Sunday, October 31, 2010

Hausttur til Hasundhornet i vinden


Søndag ettermiddag la Sondre og Pappa ut på ein ikkje alt for lang fjelltur. Sondre sov tungt i meisa store deler av turen på veg opp, til tross for sterk vind, regn og tendens til sludd på toppen. På toppen venta mamma si overaskingspose, med rosiner, non stop og litt chips:)

Heilt topp å ta seg ein guttetur i vinden. No ventar me på vinteren...

Saturday, October 30, 2010

God helg:)




Vil ønske dokke alle ei god helg!! Vi fann roa i går med lesing framfor peisen, opplæring av å tenne på lys, og nydelege vafler til barne-TV!! Det er godt å ha fri i helgene i lag! No står loppemarknad med eventyrstund, llodd og rømmegraut for tur! Igjen: ha ei god helg!!:)

Friday, October 29, 2010

Bloggen lever!:)

...men dinne dataen e so treig, so gidde ikkje å legge inn bilde her...og den stasjonære he stasjonert sej inne bak en del rot...og blogginnlegg uten bilde ekje so stas i grunn...konklusjon: kontoret må ryddast!!! Kanskje ej begynne i dag til og med...;) So skal du sjå at det blir litt action igjen her på bloggen;)

Ellers må vi bære sei at livet som Sunnmøringa fortsatt e veldig fint:) Sondre he det veldig kjekt i barnehagen for tida, Ole he en travel, utfordrande og kjekke jobb, og ej passe på lisjeguten i magen og teke dagane med ro. He hatt problem med bekkenet ganske lenge no, so e fornøgde med å ha gått over i siste trimester no!:) Då nærma det sej for kvar dag som går liksom!!:) Må ellers få sei at det ikkje va feil med en tur til kiroprator, so e litt bedre no enn det ej va for ett par daga sia!:) Alt e heldigvis i skjønnaste orden med babyen, so vidt vi veit:)

I helga skal vi bære vere heime og finne på kjekke ting! Loppemarked og lovsongskveld står i alle fall på programmet!!:) Og neste helg reise vi sørover; det gleda vi oss veldig til!! Fyrst blir det ei helg i Bergen der vi skal treffe systrene m menn og gode venna, og so susa vi vidare til Suldal for å ha oss ei hærleg veke der! Har ikkje vore der sidan i sommar no, så både vi og dei der nede gler seg veldig til det!:) Sondre er kjempeklar for å "fikse", køyre traktor og truck med farfar, og til å lese bok og kose seg med farmor! Stor stas med besteforeldre!!

Nei, det var det kontoret då...trur ej skal gjere eit forsøk på litt ryddings der!! Ha ei god helg!

Tuesday, August 17, 2010

Sondre 2 år!!!


Gratulerer med dagen, Sondre!! Store guten vår er blitt to år, og litt av ein kokk!! Han har blitt feira med stort familieselskap - stor stas!! Meir oppdatering om husoppussing etc kjem etterkvart;)

Monday, May 24, 2010

Sykkeltur til Hetlebakksåta

Like nord for Bergen travpark ligg ein fin topp på ca 360moh. Denne var eg på fredag. Skulel teste om den var fin å bruke som fellestur med terrengsykkel med ungdommene i Eidsvåg Adventure. Dessverre viste den seg å vere litt vel teknisk krevande for utrena ungdom. Vel er mange av dei ganske sprø, men litt for mange vanskelege parti til at det er kjekt å vere hovedleder på ein slik tur. Utsikta på toppen er det derimot ingenting å klage over:)

Søndagstur i nabolaget




Vi har kome langt ut i mai, og dagane er lyse og lange. Mens ein tidlegare var mykje innomhus om kveldane, er ein no ofte ute heilt til leggetid for minstemann. Det er kjekt å vere ute, både fordi temperaturen er behageleg, fargene er tilbake og haustens innsats med å lage hage har byrja å bere frukter. Ekstra kjekt er det at alle naboene også er ute for tida. Det blir derfor mykje god lek for Sondre, og me foreldre får også møtes for å slå av ein prat. Sondre leker mykje- og godt i lag med naboguten, dei me deler tomannsbolig med. Titt og ofte ringer me på døra deira eller omvendt for å spørre om dei har lyst å vere med ut og leike.

Sondre veks mykje for tida. Han er no 21mnd, og nærmar seg sine to år. Han strekk seg, men også er læringskurva bratt. Tydeleg at tida er inne for å adobtere det dei rundt han gjer. Me foreldre må visst begynne å passe oss for kva me gjer. Her ein dag blei eg frista til å balansere på ein kant som låg ca 3 meter over bakken. (U)heldigvis klarte Hanne Marte å stoppe meg, slik at ikkje Sondre skulle sjå og prøve sjølv... Det er visst berre å vokse opp og bli voksen...

Bilda er tatt 2.pinsedag, då pappaene i tomannsboligen tok seg ein tur med guttane sine i nabolaget.

Tuesday, March 30, 2010

GOD PÅSKE!!

Vil ønske DEG ei velsigna og god påske!! Vi reiser i morga innover til hytta der vi for fullt skal finne tid for ettertanke, familie, gode og lange dagar ute, kvalitetstid og ro. Vil minne deg om å bruke litt ekstra tid på å tenke på kvifor vi feirar påske! TAKK for påska!:)

Wednesday, March 24, 2010

Nye tider...

Då er faktisk vår koselege bopæl lagt ut for salg...vi har bestemt oss for å flytte til Ulsteinvik, og det skjer allereie i sommar!! Det skal bli godt å slå seg til ro ein plass no, få litt meire "faste" ting å vere med på, og ikkje minst kome nærare besteforeldre, vennar og anna familie. Men litt skummelt er det også å bryte opp frå vennar, trygge og faste jobbar, eit kjempetriveleg nabolag, eit koseleg hus og Bergen som vi har budd i i 7 år!! Men vi satsar på at alle desse faktorane vil kome på plass i Ulsteinvik etterkvart:) Og så har vi no fortsatt nokre kjente i Bergen, så da skal vi få til nokre turar innom godbyen:)

Mamma og pappa har kjøpt seg ei leilighet i Ulsteinvik, so vi skal rett og slett kjøpe barndomsheimen min (HM). Skal få pussa opp litt og gjort det til vårt, so det skal bli fint!! Vi gler oss til å ha fjell og gode turområde rett bak huset, håpar på like gode vinterar framover som det har vore i år:)

Sondre har mest truleg fått barnehageplass i ein barnehage som ligg maks ein 5-minutts gåtur unna, det blir supert! Ellers so må det seiast at vi har fleire gjesterom, så håpar på mykje triveleg besøk:)

Dette fører igjen til at vi slepp å dele feriane, så no får vi lange og gode feriar i Suldal! Det blir fantastisk:) Vi er jammen priviligerte!

Finnkode til huset er 21506765

Friday, February 05, 2010

Nattmat...

Plutselig var det mat som var tingen... Sove kan ein gjere når ein blir gammel:)








Småsjuke i heimen

Sondre går i barnehage for tida, eller rettare sagt; han går så ofte han er frisk. Det har vore ein del sjukdom i det siste. Ikkje noko alvorleg, men nok til at han ikkje har den same gnisten og energien han pleier å ha. Det går visst mykje sjukdom blant barna i barnehagen, og på mandag var dei berre 9 av 20. Det er rart å merke kor slapp vårt ellers litle energiske sjarmtroll kan verte på kort tid

Det er mange gamle minner som kjem tilbake frå når ein sjølv var sjuk. Den gode kalde kluten mor la på panna når feberen pressa på. Det trygge fanget far hadde når ein heller ville sitte i ro enn å springe rundt og leike. Kjensla av å boble over når paraceten byrja å virke, og ein plutseleg får krefter til å tømme leikekassen utover golvet. Kven hugser vel ikkje sitronbrusen, som vist nok skulle ha si virkning, men som truleg ikkje var noko anna enn trøyst og få i oss drikke. Eller bøtta ved sida av sofaen...?


Sondre har hatt mange netter kor han etter kvart har hamna i senga vår utpå natta. Han er herleg når han våkner og roper på vatn på sin eigen gode måte, for så å drikke godt frå den faste Imsdal-flaska. 10 sekund etter er han godt på veg inn i drøymeland i armkroken til mamma. Ein kan kanskje seie at det blir lite søvn på oss to foreldre, men når me kan få vere ei støtte og til hjelp for vår kjære litle Sondre, gjer me det gjerne.

Det er rart kor avhengig eit lite barn er av foreldra sine. Det er eit stort ansvar me har. Både med å gje han ei god og utviklande oppdraging, men mest av alt å gje han trygge og gode rammer gjennom heile oppveksten. Skal han få eigne bein å stå på, må me gje han ein trygg grunn å gå på.

Sjukdom i heimen viser kva som er det viktigaste å ta vare på. Leiker, fine pyntegjenstander, ski, sykler, bil, stereoanlegg osv har så liten verdi i forhold til det å ha kvarandre. Sondre leikar lite med leikene sine når han er sjuk. Drømmehagen på tv fungerer ei stund, men mest av alt er armkroken til mamma det kjæraste nå desse dagane.

Sondre har nettop vakna. Eg fann han sittande svett i senga. Feberen har nok funne vegen ut, og mogleg blir morgondagen betre enn dagen i dag. Likevel er kluten og mamma i sofaen den beste- og viktigaste medisinen han finn no. Han sovnar, og pusten høyres bort til pappaen i stolen. Håpar det blir lyden av små barneføtter som spring over golvet i morgon...



Monday, February 01, 2010

Sondre på ski for første gong

Mange vil kanskje sei det er litt tidlig, men i dag fekk Sondre prøve sine nye ski. Han storkosa seg, både når han fekk gå mellom beina våre og når han fekk lov å prøve sine nye staver.

Kva skal ein med hytte på fjellet eller firefelts opptrakka løyper, når ein har flotte skiforhold i si eiga gate. Denne vinteren har verkeleg vore veldig flott. Halvanna mnd med skiforhold rett utanfor si eiga stove. Og det i Bergen...


Sjarmtrollet vårt storkoser seg på dei nye snømannskia hans
Hjelp frå pappa er ikkje dumt når ein skal spenne på seg skia for første gong
Ein skal tidleg krøkast som god storfjellsjibber skal bli:)
Mamma er veldig god å støtte seg på, og å motivere når bakken har helling oppover og ikkje nedover
Trenge ikkje å holde på veldig lenge i dag, mamma. Eg klarer ikkje alt første dag:)