Sunday, September 27, 2009

God søndag!


I dag leita vi fram ein god ulldress som oldemor Alis he strikka til Sondre! Syns han såg ut som en liten engel i den:) Den blir god å ha framover, spesielt no når Sondre skal begynne i barnehagen! En skikkelig god dress å ha under regnkleda, eller bære i vogna på klare, fine haustdaga. Tusen takk farmor for den:)

Sondre skal som sagt snart begynne i barnehage...fra 26.oktober skal han begynne i 60% i Åstveit barnehage...håpe inderlig han vil trives der! Kjenne det ikkje blir bære lett å overlate han til framande, men dei blir nok ikkje framande etter ei kort stund;) Og so ekje ej i tvil om at Sondre vil finne sej til rette og trives! Han elska nye utfordringa, og storkosa sej med å få vere masse ute! So da e det supert at vi he fått plass i en barnehage med fokus på friluftsliv og ernæring! Vi e fornøgde:)

I dag he vi vore i Åstveithallen. Kvar søndag he dei open gymsal med masse kjekke ting å leike med for Sondre. Virkelig eit bra tiltak, og gjett om Sondre kosa seg!!?? Han suste rundt med sykkela, klatra der han kunne, og hoppa på ei svær hoppematte: kjempekjekt!

Det blir masse Sondreprat på dinne bloggen, men det e vel naturlig sida masse av tida vår går med på å både glede oss over han, og å bryne oss på han. Vi he det godt:) Må avslutte med ditte hærlige bilde av hjerteknusaren vår:)









Thursday, September 24, 2009

Haust

Snufsing og kaldsvetting, ei sol som strever med å trenge gjennom tette skylag, eit innslag om fårikål på fjernsynet, nissar på hagesentera... No er hausten her. Mykje kan seiast om årets sommar. Nokon tropesommar vart det ikkje, men likevel ein del flotte dagar. Det er med blanda kjensler ein no nærmar seg oktober og november. Dei to månandane i løpet av året kor ein kanskje er mest inne i løpet av ein dag.

Men, det er unntak; dei dagane då sola får bestemme, når lauvet fell stille og tørre ned på bakken og morgondoggen er det einaste våte. Dei dagane kor lufta har usynlege knivar og skjer seg inn i nasa. Desse dagane er det verdt å ta vare på. Eg hugser godt ein av dei siste augustdagane i 2005. Dette var ein slik dag...

Me var på hyttetur. Nils Kjartan, Geir Allan, Bodil, Eirik, Hanne Marte og meg. Me hadde reist frå Bergen til Kvilldalsdalen for å oppleve hausten på nært hald. Dalen og fjellsidene rundt viste seg frå si finaste side. Opp gjennom bakkane til Botnanuten via Napen og Dyrskar. Det kjentes godt å merke at pulsen var høg, og humøret steig proporsjonalt med høgdekurvene og utsikta. Å gå oppover dei grønkledde sidene saman med nokre av eins beste vener, gav det litle ekstra for å gjere bakkane til ein lek.

Vel oppe på toppen møtte skodda og snøen! oss. Tenk snø i august... Me kjende at me levde, og me kjende at me hadde det godt saman, der me satt tett i tett under ein medbrakt fjellduk og åt grovbrød med brunost og syltetøy.

Eg gjekk vel og håpa at Hanne Marte skulle bli mi fremtidige jente, men at det skulle bli så snart som på slutten av denne dagen, hadde eg vel ikkje trudd. Men, slik gjekk det... Dei fleste seier at dei blir ekstra single og ekstra klare for å finne seg ein make på våren. Heldigvis fann eg ei jente som tykkjer hausten er den beste tida for slikt. Me er like på dette punktet. Så når kvelden kom, og me hadde vore ute på ein siste tur i mørkret, vart spenninga for stor mellom oss, og vener blei til kjæraster.

Var det nokon som sa at hausten ikkje var ei fin tid... ?

Eg ligg her i sofaen og kaldsvettar, nasen renn og biholene er tettare enn normalt. Likevel er eg svært glad og takksam for hausten. Kva om me ikkje hadde opplevd denne haustdagen for 4 år sidan? Kva om dei flotte haustdagane ikkje blei utnytta? Då hadde eg nok ikkje hatt ein nydeleg liten gut på 13mnd sovande trygt og godt på loftet, og ei jente som snart kjem heim frå biblioteket med ein lånt film til annledninga. Eg føler meg priviligert. Der kjem ho vist heim...

Det er haust i lufta...




Tuesday, September 22, 2009

Konfirmantleir

I helga va det årets største happening for konfirmantane i Eidsvåg kirke: konfirmantweekend! Over 100 konfirmanta, 20 ledarkursdeltakarar og ledarar i tillegg var samla på Dyrkolbotn, so det blei en god gjeng! Men FOR EN GJENG sei ej bære! Utrulig å ha so monge kjekke ungdomma samla på en plass altså! Alle sang ivrig med på songane, var heilt stille under undervisninga og vi hadde ingen store problem, og heller ikkje altfor masse nattevåk...kjekt å få vere med på slike ting! Sondre og ej reiste opp laurdagen og blei til søndagen...det var i grunnen nok for Sondre sjøl om han digga å vere midtpunktet. Kjekt at det går an å ta han med på slike ting!:)

Ellers so he vi fått oss nytt kamera...det andre va ødelagt, so da e det genialt med supersikring. So da la vi litt penga i mellom og kjøpte oss rett og slett eit speilrefleks...FORNØGDE med det!:)

I kveld fe ej besøk av en hærlig Divisi-gjeng...då skal vi øve til oktobersamlinga vi skal ha med vår nye dirigent! Det blir spennande!:) Ha ei nydelig veke alle samen!! Kan forresten anbefale gode tura ut i ruskeveret, da e det so ekstra deilig å kome inn igjen til det gode, varme huset!:)
Ole og to av medledarane

Trekking av bil under sporløp...kven får bilen raskast opp bakken??

Nydelige guten vår!

Ei lydhør forsamling!

Familietreff på leir;)

Sondre og tante Silje kosa sej ute!

Tuesday, September 01, 2009

Blå himmel!!:)

I ettermiddag he ej skimta blå himmel, og det va bære heilt NYYYYDELIG!!! Full lufting i stova og good feeling!:) Skal sjå fineveret kjeme no, september slår sjelden feil...:)