Monday, February 26, 2007

Invitasjonar på veg ut

Nå byrjar det å bli leenge sidan sist det skjedde noko på denne sida her. Sidan sist har det rukke å blitt eit nytt år, vinteren har banka på døra og busett seg på fjellet og undertegna har fått bupæl på Laksevåg. Det er rart med det, men tida går så utruleg fort for tida. I sommar virka det alt for lenge med eit år til giftarmålet, men nå nærmar det seg med stormskritt. Du må nok tru om igjen viss du trur at eg angrar eller gruar meg. Nei, det handlar ikkje om få bryllupsnerver, men om å faktisk innsjå at snart skal me samle saman bortimot 4-5 snes med slekt og venner til feiring i Ulsteinvik.

Om du er ein av dei som allereie har fått invitasjonen og har gått inn på denne sida for første gong, er du velkomen til å følge med på kva som skjer nå fram mot den 14.juli. Kan ikkje love daglege oppdateringar, men det kan vere greitt å stikke innom av og til for å sjekke om det er noko nytt på tapeten.

Det siste som har skjedd på bryllaupsfronten er, som du sikkert forstår, at invitasjonane er på veg ut. Slekta til undertegna har fått tilsendt, mens slekta til Hanne Marte får sine no denne veka. I morgon, tysdag 27.februar skal me nemleg på vinterferie i Ulsteinvik. Vinterferie er kanskje å trekke strikken litt langt, då både Hanne Marte og eg lyt skrive oppgåver, men avkobling frå livet i Bergen blir det i alle fall. Storvegs å få besøke "svigers" og få seg ein tur på ski.

Ski ja, utan tvil den kjekkaste friltidsaktiviteten ein kan drive med, i alle fall om du spør den nye vordene familien Sukka. Har diverre ikkje blitt så mykje som ønskjeleg, men dei turane me har hatt har vore kjekke. Siste tur var no på lørdag saman med fire gode vener frå Bergen. At sikten på Byrkjefjell var til tider tilnærma null og føret var svært uforutsigbart, la ikkje ein dempar for verken humør eller godkjensla etterpå.

Ole Terje