Tuesday, November 30, 2010

Velkomen til oss!


No byrjar første del av oppussinga å bli ferdig, og vi gler oss over vår nye heim. Om du ikkje har høyrd det før, så skal du i alle fall få høyre det no: Velkomen på besøk. Anten det er ein 5 minutters stikk innom eller lange feriedager, så er du og dine hjarteleg velkomne.

Akkurat no ligg Sondre i kjellaren og søv. Hanne Marte og eg sit framfor peisen og nyt roen og kvelden i lag. Vi har på mange måtar budd midt oppe i rotet no i fleire mnd, så det er ekstra godt å kunne slappe av med ferdigstilt gang, kjøkken og stove. Litt småplukk heng igjen, men det ornder seg ganske snart.

Bilda viser berre gangen, fordi eg var lat og gidda ikkje rydde resten av huset...:) Får ta dette igjen seinare. Kanskje vi skal lage ein bildeserie frå heile oppussinga.


Wednesday, November 10, 2010

Båltur


I dag løya vinden, og anledningen baud seg for å ta seg ein båltur. Dette likte både poden og oss to gamle:) Farmor tok seg også ein tur opp med kakao og boller.




Tuesday, November 09, 2010

Førjulskveld

Sidan me skal feire jul på Sunnmøre, og farmor og farfar skal feire jul åleine i år, hadde me ei lita førjulsfeiring i kveld. Stor stas med både nydeleg middag, julesang og nokre pakkar. Sondre avslutta kvelden med å synge og spele samen med farmor, Sondre på piano og farmor på gitar og fiolin. Ingen tvil om at han er glad i musikk.




Guten er klar for førjulsfeiring
Sondre koser seg med pusen

Monday, November 08, 2010

Farmor og farfar

I skrivande stund er vår lille familie på 3 1/2 heime hjå farmor og farfar i Suldal. Tekst får kome etter kvart, men vi koser oss i alle fall veldig. Bilda er ikkje av verdens beste kvalitet, trass at det er verdens beste telefon som har tatt dei:) (var i alle fall verdens beste inntil dei ville tjene litt ekstra på å lansere ein viss 4'er...)Sondre, farmor og pusen koser seg med barne-tv
Den lokale konditoren/bakaren har dette skiltet på veg inn i kafé-delen.

På besøk til farfar på jobb. Stor stas å sitte i trucken...

Thursday, November 04, 2010

Tur!!


No e vi klar for tur sørover!!! Sondre he gleda sej veldig lenge no til å få reise til farmor, farfar og pus, og til å treffe kjekke tanter, onklar og andre vennar i Bergen og Karmøy. Det skal bli kjekt med ei skikkelig ferieveke! Sekkane er pakka, og i Suldal ventar to spente besteforeldre, nylufta dyner, nydelege måltid, artige spelekveldar, kjekke aktivitetar og gode samtalar. Og så er det skikkeleg bonus å få med seg nokre besøk både på vei ned og opp. Vi er heldige som har mulighet til å ta slike "langturar"!:)

Sondre har fått skikkelig sansen for Emil i det siste, så han e klar for rampestrekar i baksetet!;)
Må innrømme at min skepsis til DVD i bilen ikkje er til stades lenger så lenge ein klarer å ha klare reglar på det. Når ein skal køyre så langt med ein liten kar, er det genialt å kunne slå i hel ein time med god underhaldning i baksetet. Jubelen var i alle fall stor då ej kom heim med ein Emil-DVD!! Og gjett om Sondre har venta på å få sjå den filmen!!?? Så han gledar seg til å køyre bil, for då skal han få sjå EEEEEEEMIL!

God helg og veke til dokke!!