Tuesday, October 28, 2008
Ting skjer...:)
Thursday, October 02, 2008
Monday, September 15, 2008
Sunday, September 14, 2008
En liten film:)
Sjarmtrollet vårt e i dag 4 veke...han he begynt å smile, og vi fe stadig fleire gode kommunikasjons-stunde med han! He sovidt begynt å pludre, og e mykje meir våken og blid no enn han va den heilt fyrste tida. Virkelig triveleg å vere foreldre altså! I alle fall når vi to som står i lag om det he det so godt i lag! Livet e virkelig godt for tida:) Farmor og farfar he vore på besøk i helga, det e dei som he stått for filminga og kommentarane i bakgrunnen!;)
Tuesday, September 09, 2008
Kjekkasen vår...
Sondre he fått sine fyrste ski!! Faktisk bestefaren til Ole so he laga dei, og han døde for fleire år sia, so det va veldig stas å få dei skia av tante Anna!! Han skal tidlig krøkast!;)
Og so litt trening på magen...ingen fred å få her i gården nei! Men han lika det ei stund i alle fall!
Og so litt gulp etter masse herjing...høyre med det!
Sunday, August 31, 2008
2 veker!
Sunday, August 24, 2008
HEI!!!:)
Saturday, August 09, 2008
Ventetid...
Friday, June 13, 2008
Kretatur, og andre ting!
Ole he fått sej en hærlig drink på hotellet!
Monday, March 03, 2008
Hemsedalstur i januar
Ein svært kjekk tur med test av nytt telt(Eidsvåg kirke sitt) og oppleving av herleg vintervêr...
Tuesday, November 27, 2007
"Nå e dokken etablerte"
Saturday, November 03, 2007
Friday, October 26, 2007
GODT GIFTE!:)





HURRA!!!!:)
Thursday, July 12, 2007
Velkommen til Ulsteinvik!

Me gler oss til de kjem.
Hanne Marte og Ole Terje m/familiar
Monday, July 02, 2007
Litt praktisk...
For dei som kjem med fly til Ørsta:
Det går ingen buss rett frå flyplassen, dokke må då gå ut til hovedveien (5-10 min). Ta bussen frå same side som flyplassen er på, dvs mot Ørsta. For dei som kjem fredagen, går bussen frå Volda (er ved flyplassen 5-10 min etter det) kl:
0800, 0850, 1155, 1345, 1515, 1550. Det står truleg Ulsteinvik/Fosnavåg/Hareid eller Ålesund på bussen.
Desse bussane kan dokke ta forbi Ulsteinvik og mot Hareid, be sjåføren om å stoppe ved Varleite/gamlehotellet. Då er det berre 2 minutt å gå opp til folkehøgskulen (gamlehotellet), der festen og overnattingslokala er.
Dersom dokke kjem etter siste buss har gått, vil nok det beste vere å prøve å fylle opp ein taxi som kan køyre til fergekaia på Rjånes (ca 1 mil), så kan dokke gje ein lyd om at dokke må bli henta på andre sida. Sei gjerne i frå om det i litt god tid:)
For dei som tek fly til Ålesund/Vigra, så er der oppsett bussar heile døgnet som går til hurtigbåten som går over til Hareid. På Hareid går det vidare buss til Ulsteinvik. Ikkje ta bussen heilt til Ulsteinvik, men be sjåføren om å stoppe ved Varleite/gamlehotellet.
Dersom det er andre bussruter dokke lurer på, er addressa www.morebil.no.
Folkehøgskulen ligg berre 5 min gåavstand frå Hanne Marte, det er difor ikkje nødvendig med bil bort dit på fredagen. Vi kan enten guide, eller lage eit minikart;) Til kyrkja er det litt lenger, men mange har bil, så vi skal få sørga for at alle kjem seg både til og frå kyrkja ved å sitje på med folk.
Håper dokke forstod forklaringane;) hehe...visst ikkje er det berre å ta kontakt! Tenk, berre 12 dagar igjen...SMIL!!:D
Tuesday, June 19, 2007
Gåvelister...
Thursday, May 31, 2007
Bryllaupet nærmar seg...
Planen var å oppdatere denne sida i blant, men det har vore ein ganske hektisk vår. 1.januar overtok Ole Terje som vaktmeister på Laksevåg Indremisjon, Betania. Det har vore ein veldig kjekk erfaring, og han gledar seg til å jobbe vidare, spesielt nå når hans kjære skal flytte inn. Mykje av jobben består av å vere på huset, ha tilsyn med den daglige drifta, ansvar for utleige av hyblar,vedlikehald, reinald og deltaking i møteverksemda i menigheten. Arbeidsmengda varierer stort frå veke til veke, men til nå har det absolutt vore overkommeleg. Det varierte arbeidet er noko han set stor pris på. Våren har også vore hektisk med skule og andre aktivitetar, så oppdatering her inne på bloggen har blitt litt nedprioritert.
Hanne Marte nærmar seg med stormskritt ferdig utdanna sjukepleiar. Ho har dette året vore ute i lange praksisperiodar, noko ho har trivdes svært godt med. Ho har også vore aktiv med å hjelpe til nede på Laksevåg på bedehuset, noko Sukka har sett stor pris på... Ho gledar seg stort til å flytte ned og inn i vår "nye" leilighet. I det siste har ho også blitt "feira" saman med venninner i eit utdritningslag. Veldig triveleg både for ho og for venninnene hennar. Dei fekk oppleve både laserskyting, "bylek" og hyttetur. Svært kjekt å vere saman med gode venner på ein slik måte.
Akkurat nå har Hanne Marte to veker igjen på skulen. Desse går med til avslutning, instruksjon i sprøytestikking og diverse forelesningar. Ole Terje har starta sommarjobb på Hansa bryggeri der han jobbar som lagermedarbeidar. Her skal han jobbe i juni og halve august. Juli går med til bryllup og bryllupsreise. Hanne Marte skal få bryne seg, og skal for første gong ut i arbeidslivet som ferdig utdanna sjukepleiar på sjukeheimen heime i Ulsteinvik.
Som de forstår, så kjem tida fram til bryllaupet til å gå fort. Me har rukke å planlagt og ordna ein god del til bryllaupet allereie, så me håpar at dei siste vekene ikkje berre blir stress.
Det varmar oss å få så mange kjekke tilbakemeldingar på at de vil kome og feire bryllaupet saman med oss i sommar. Me blir ein god gjeng på rundt 90 middagsgjester og litt fleire på kaffe. Like kjekt er det å høyre om alle som vil bu på folkehøgskulen. Eg trur dette vil vere med på å skape ei ekstra triveleg og sosial helg. Og til dykk som har bestilt rom på folkehøgskulen, kan me meddele at det er i orden med rom. Me har vore å inspisert overnattingsforholda, og det er ein svært fin plass. Gled dykk!
Me har også høyrt rykte om at nokre av dykk leitar etter ønskeliste ulike plasser. Me vil difor minne om at me har lagt ut ønskelister på Tilbords og Christiania Glassmagasin. Det er enno usikkert om det vil bli lagt ut ønskeliste på Jernia, noko som me kjem tilbake til. Skulle det vere problem med å finne ønskelistene, kan me nemne at noko av det me har sett på ønskelistene er servise, type "Silver Superior" til middag, og "Silver Line" til kaffe (kun på Tilbords). Glasa me ønsker oss er "Line", og av bestikk ønsker vi oss Hardangerbestikket "Carina". Ellers blir me glad for diverse skåler/fat, bileter, gryter og knivar +++:)
Velkomne skal de i alle fall vere i sommar, me gler oss storleg!!!
Wednesday, May 02, 2007
Oppdatering kjem
Lover ei forbetring nå fram mot bryllaupet. Berre 2mnd og 12 dagar igjen nå...
Hanne Marte og Ole Terje
Tuesday, March 06, 2007
Så godt vi he det...
Ellers so va vi en tur i Molde for å snakke med min onkel Øystein som skal vie oss...en fin samtale, og vi føle begge at vi he gjort ett rett prestevalg! Va faktisk på Molde stadion for å ete lunsj attmed han og alle fotballspelarane, stas;) hehe...Monday, February 26, 2007
Invitasjonar på veg ut
Om du er ein av dei som allereie har fått invitasjonen og har gått inn på denne sida for første gong, er du velkomen til å følge med på kva som skjer nå fram mot den 14.juli. Kan ikkje love daglege oppdateringar, men det kan vere greitt å stikke innom av og til for å sjekke om det er noko nytt på tapeten.
Det siste som har skjedd på bryllaupsfronten er, som du sikkert forstår, at invitasjonane er på veg ut. Slekta til undertegna har fått tilsendt, mens slekta til Hanne Marte får sine no denne veka. I morgon, tysdag 27.februar skal me nemleg på vinterferie i Ulsteinvik. Vinterferie er kanskje å trekke strikken litt langt, då både Hanne Marte og eg lyt skrive oppgåver, men avkobling frå livet i Bergen blir det i alle fall. Storvegs å få besøke "svigers" og få seg ein tur på ski.
Ski ja, utan tvil den kjekkaste friltidsaktiviteten ein kan drive med, i alle fall om du spør den nye vordene familien Sukka. Har diverre ikkje blitt så mykje som ønskjeleg, men dei turane me har hatt har vore kjekke. Siste tur var no på lørdag saman med fire gode vener frå Bergen. At sikten på Byrkjefjell var til tider tilnærma null og føret var svært uforutsigbart, la ikkje ein dempar for verken humør eller godkjensla etterpå.
Ole Terje
