Wednesday, November 22, 2006

Monogram


Nå har førebuinga starta litt meir aktivt her i Bergen. Tida framover kjem til å gå utruleg fort, og det er mykje som skal på plass. Heldigvis tykkjer me begge at det er kjekt å både planlegge og fikse og trikse me saker som må ordnast før den store dagen 14.juli 2007. Det siste nye er monogrammet til innbydingane, sanghefta +++ Eg er så heldig å ha eit søskenbarn som er grafisk designer, og som tok jobben med glans. Legg merke til detaljar som tro, von og kjærleik. Me er veldig takknemlege for den jobben du har gjort, Trond!

Ellers så har me byrja å sett ein del på ysnkjeliste. Må jo seie at det er litt vanskeleg å vite kva ein skal ynskje seg, både fordi det er rart å ynskje seg så spesifikke saker og ting, men også fordi det følest litt feil. For vår del blir utan tvil den største gåva å få besøk av slekt og venner frå både heimplassen min, Bergen, austladet og sjølvsagt gjengen frå Ulsteinvik. Me set utruleg stor pris på dei som har moglegheit til å vere med å feire denne store dagen.

Til slutt kan eg nevne at me skal snart avgjere noko som kjem til å ha ein god del å seie for dei neste åra framover. Meir vil eg ikkje seie enno. Trur ikkje det er lenge til de får vite det...

8 comments:

Silje said...

hmm.. De va faktisk veldi fint! Måtte berre sjå litt nærare på de før ej forsto alt:)
dokke he ting på stell also.. :)

Familien Sukka said...

og te dei som lure: Hanne Marte e Ikkje gravid altså... Det er bare å vente, du får snart vite ka "hemmeligheten" e!

Synnøve said...

Sei d nå då... Eg e sååå spente på ka hemmeligheten e! Blir d Stavanger neste år? Eller e dokken på vei t Afrika? Eller Nord-Norge? Mange muligheter altså! :) Spennande..

... said...

Spennende hva dere skal bestemme dere for snart...:)
Men han som er grafisk designer, tror du han tar på seg flere oppdrag??? hehe... *flere som vil ha monogram men ikke er så veldig kunstneriske selv*

Familien Sukka said...

Han har eit firma som heiter Design og sånt. Ellers heiter han Trond Thorsen og jobber i Rogalands Avis. Han e veldig flinke han ja!!!

aasen said...

"Nei, åddu! Dokke e also so flenke! Ditta va jammen mej prima. Nei, ditta va no also so flott! Kjeeempeflott!"

Hanne Marte said...

Tante Gerd på besøk??;) hehe...

Familien Sukka said...

Tante Gerd på besøk...? Den trur eg var intern.