Wednesday, November 29, 2006

Vaktmester og leilighet!







Då er det avgjort, me blir i Bergen i to år til...

Det har lenge vore usikkert kor me skulle ende opp neste haust. Tankane har svirra rundt Bergen, Stavanger og Volda. Det har vore både fordel og ulemper med kvar plass, og me har endåtil tenkt tanken på å kjøpe tomt og begynne den lange men kjekke prosessen med å bygge hus. Men, nå har me altså bestemt oss. Det blir Bergen i minst to år til.

Allereie 1.januar byrjar eg som vaktmester på Betania menighet i Laksevåg. Med jobben følger ein stor og fin leilighet i same huset. Den rommar heile 83m2, så det skal ikkje stå på plassen. Som de ser på bildene, er det ei lys og fin leilighet med gode løysningar. For min del blir det nok litt for stort i byrjinga, men kan glede meg til Hanne Marte flyttar inn i slutten av juli. Må sei det skal bli kjekt å "starte sin egen heim". Einar, Gunvor, Anvor og Bjarne (les svigers og mor og far) kjem ned/opp i midten av januar med ein del møblar, så eg trur me skal få det fint etter kvart.

Stas blir det også å få Hanne Marte med på jobben som vaktmester og tilsynspar. Huset består av to næringslokale, to møtesaler, ein del smårom og 8 utleigehyblar for studentar, utanom vår leilighet som ligg i midtre etasje. Vår oppgave blir å ha tilsynet med den daglige drifta/bruken av bygget, vask, brannledar og forefallande arbeid på huset. Må sei det blir spennande å gå frå ei tid der det mest tekniske ein gjer er å skifte lyspærer, skru opp krokar og montere ikea-møbler, til å bli vaktmester. Men, me merker begge to at dette er noko me har lyst til, og noko me ser på som ei utfordring og ein god lærdom å ta med seg vidare i vaksenlivet.

Menighetslivet inngår også som ein del av arbeidet. Hanne Marte har allereie fått forespørsel om å spele på litt møter, mens det nok blir litt leiing på meg. Blir kjekt å føle at ein trengs i ein litt mindre menighet.

Håpar mange har lyst å kome på besøk, og kom gjerne ein tur og bli med på møtene. Kjem kanskje også til å starte opp ei lita bønnegruppe, men det kjem me tilbake til.

11 comments:

Lene - Karin said...

Dåke e heldige! Det e ein knallfin leilighet=0)Berre gled dåke te å bu i àn`, eg har ei veninna som bur/har budd der no dei to siste åro. Dei har vore kjempefornøyd med leiligheten!!Lykke te med det dåke skal gjere av arbeid og alt anna!Klem

Synnøve said...

Hørres jammen spennande ut! :) Store og fine leilighet og... Kjekt å ha nåken i Bergen å komma på søndagsfrokost hjå! :)

Familien Sukka said...

Ja, dokken e veldig velkomne på både kvelds og frukost! Håpar det blir ei leilighet der folk føler seg velokmne og kan få slappe av!

Venke said...

Så spennande tid dokk går i møte...med jobb, menighet og gifarmål!!Eg må sei eg drømte om at dokk fortalte ka dokk sko, her ei nått...så me har venta på denne beskjeden...:)kjekt med bergen!!Snakkest vel kanskje i julå...:)?

Anonymous said...

Oi!!
Sildesotten gratulere m et varp på andra siå av brunå :)

Familien Sukka said...

Takk for det Silje.

Dokken må komme på besøk! Begynne å bli så alt for lenge siden eg har svelt r'en nå

Anonymous said...

Ja, harrrligalondonn...

Silje Kristensen said...

Den leiligheten såg jo heilt sinnsykt bra ut. Der har dåkkår fiksa dåkkår godt ja :o) Ha ien god jul begge to!

ane marie said...

pst! har dere sjekka datoen for når dette innlegget ble lagt ut......?!

Hanne Marte said...

hehe...ja, får ta å oppdatere snart;) vent i spenning!!!:D

Anne Brit said...

Eg savne bilde av koss dåkke har fått det i leiligheten nå.. forhåpentligvis litt meir møbler enn når eg va der i januar.. ;o)

Det va ein bra plass, trur dåkke komme te å få det heilt topp der ja!!