Tuesday, November 30, 2010

Velkomen til oss!


No byrjar første del av oppussinga å bli ferdig, og vi gler oss over vår nye heim. Om du ikkje har høyrd det før, så skal du i alle fall få høyre det no: Velkomen på besøk. Anten det er ein 5 minutters stikk innom eller lange feriedager, så er du og dine hjarteleg velkomne.

Akkurat no ligg Sondre i kjellaren og søv. Hanne Marte og eg sit framfor peisen og nyt roen og kvelden i lag. Vi har på mange måtar budd midt oppe i rotet no i fleire mnd, så det er ekstra godt å kunne slappe av med ferdigstilt gang, kjøkken og stove. Litt småplukk heng igjen, men det ornder seg ganske snart.

Bilda viser berre gangen, fordi eg var lat og gidda ikkje rydde resten av huset...:) Får ta dette igjen seinare. Kanskje vi skal lage ein bildeserie frå heile oppussinga.


5 comments:

Annika said...

Så flott dokke har fått det! Gler meg til å sjå i dag - kjem snart innom!!

Anonymous said...

Så fint dåkke har fått det!
Me vil veldig gjerna komma på besøk te dåkke ein gang! :)

The Cuz said...

Digga nøkkelskapet (?) og home-bokstavane. Dokke he det sooo fint.

Hanne Marte said...

Dokke e hjertelig velkomne!!:)

ane marie said...

Oj, her har jo bloggen våkna til liv! Gøy! :)

Så utrolig fint dere har fått det! Hvertfall i gangen.. ;) Må nok snart komme og inspisere resten ;)

God advent!