No har vi passert termindatoen, og gullet ligg fortsatt trygt og godt i magen...kjenner sjølvsagt på at det hadde vore godt å bli ferdig no med å ha ein gigamage, og ikkje minst til å få bli kjent med guten...samtidig så nyt eg å få sove relativt godt, og ikkje minst det å ha mykje mindre bekkenplager enn eg har hatt tidlegare i svangerskapet!! Hærlig å kunne gå tur utan å vere heilt øydelagd etterpå!!:)
I kveld er andre øving i det nyoppstarta gospelkoret for vaksne her på øya!! Det gler ej mej til (men okey, visst lisjebror he lyst å kome ut i kveld, so skal han få lov!!;))!!:) Kjempekjekt å få synge i kor igjen!:) Nei, ho ekje so galen dinne ventetida so lenge en gleda sej over dagane og dei små og store hendingane i livet! So fe vi berre sjå kor lenge vi må vente...:) God tirsdag til dej i alle fall!!
3 comments:
Godt å sjå du fortsatt e ved godt mot - trur du fe meir ut av ventetida om du klare å la vere å bli lei :) Det e uansett ingen vei tilbake no, og han kjem når han e klar, om ikkje so altfor lenge! Blir kjekt å helse på!
Klem!
Han _bør_ ha komt ut innen 6 februar! :) Gleda mej voldsomt til å treffe nå!
Hjelpe godt på med lunchbesøk veit du Annika!!:) Og innen 6.februar e han uansett ute, Kamilla!:)
Post a Comment