Monday, February 21, 2011

Storebrortur til Storebroren


Søndag var Sondre og pappa på ein fantastisk flott skitur til fjellet Storebroren på Hareidlandet (øya vi bur på). Heilt vindstille og nydelege forhold gjorde dagen til ei kjempeflott oppleving for både far og sønn. Heile 5 1/2time var vi ute, og då gjorde godt undervegs å ha kosepauser med kalde pizzastykker frå løradagskosen dagen før, innlagt leik og eventyrstund på skuldrene til pappa. Ei god soveøkt vart det også tid til.

Ein ting må eg få kommentere: Sondre er i ferd med å bli ein ekte sunnmøring. Han fekk lov til å ha med seg to leiker på turen. Veit du kva han valgte? Sparebøsse og ferje... Treng eg seie meir...?


Fantastisk utsikt innover mot Sunnmørsalpane


Ferja og sparebøssa var dei hottaste lekene å ha med seg på skitur...Nydeleg utsikt mot Storhavet og fuglefjellet Runde til venstre i bildetEin veldig glad pappa som har tatt med storebroren til "Storebroren". Sondre sov når bildet blei tatt...

5 comments:

Anne Brit said...

Veldig gode bilder, Ole! Ser ut som far og storebror har hatt det heilt knall!!! :o) Gode Sondre!!

Annika said...

Såg verkleg ut som ein fantastisk dag!! Sondre er jammen heldig!

aasen said...

Epsemd, Ole! Godt skrive! Leikevalet var rett festleg!

Familien Sukka said...

Epsemd...? Den blei litt vel nynorsk for meg. Forklaring følgjer:)?

Sondre er heldig, og pappaen er veldig heldig. Det skal også seiast at mor og litlebror venta heime med nydeleg middag, så heldige var me begge to:)

ane marie said...

Dere kan å kose dere! :)

Ses snart!