Wednesday, June 27, 2012

BLOMAR


Det er spanande å følgje med i bedda våre for tida! Sidan vi ikkje har planta sjølv, så har vi i grunnen ikkje så god kontroll på kva som er i hagen vår...difor er det fantastisk å vakne ein morgon å finne ein slik blomst i full bloming utanfor døra!


Flott ikkje sant vel? Veit ikkje kva den heiter, men det har sikkert mamma kontrollen på;)

No er det også like før favoritten slår ut i full blomst: PIONAR!:) Dei er så nydelege, både i hagen og på bordet inne! Eg synest det er stas å kunne plukke blomster i hagen til små bukettar som kan pryde huset innvendig.
Stauder er også kjekke å ha, dei fyller så godt i bedda! Ein av favorittane der er timian (trur det er det den heiter...)! Den luktar nydeleg, og er så tett og fin!


1 comment:

Anonymous said...

gøy med fine blomstrar, og ikkje vite heilt kva som dukka opp. I vår hageflekk e et potetplanter som he vore den store overraskelsen. Velkommen til sjølvdyrka potetfest i september, da:)

Klem S