Sunday, July 26, 2009

Sommarferie

Her kjem ei oppdatering for sommarferien til familien Sukka! Vi har storkosa oss med gode dagar på Sunnmøre, så nokre dagar i Bergen før vi sette kursen mot Kvilldal. Her i Kvilldal har vi funne ut at sommarferien kan vere veldig kjekk sjølv om veret er dårlig;) Vi blir her til onsdag, då vender vi nasa heimover til Bergen att for å ta imot gode vennar (Anette, Bjørn og Kaja).

Varme, late dagar på hytta i Ørsta. Knallheldige med veret, so kosa oss med masse bading: Midt i blinken for Sondre:)

So fekk vi koselig besøk av Ane Marie! So da blei det fisking, speling, grilling, fjelltur (uten sti), og anna hyttekos! Hadde ingen bilde frå det besøket...

So sette vi kursen mot mitt (HM) sitt barndoms paradis: Bjørnsund! Ei nydelig, lita sjarmerande øy midt ute i havgapet. Her vaks mormor opp, kjekt å få vise plassen til mine to kjære!








So var vi tilbake i Ørsta igjen...og med god hjelp av besteforeldre som barnevakt, fekk Ole og ej oss en fantastisk fin tur til Saudehornet, dronninga i Ørsta! Godt å få bruke kroppen skikkelig! I tillegg fann vi en badekulp på vei ned, fantastisk hærlig når gradstokken viste over 30 grader!


So va det litt luksusliv då vi kom nedatt til hytta...mozell i boblebadet...mmmm...tusen takk for god barnevakt!!

So gjekk turen til sørligare breddegrader...Ole på sykkel frå Bergen til Kvilldal, mens vi to andre tok bilen. Etter ein kveld og ei natt på Haugen camping der vi feira bryllupsdagen vår, reiste vi til Kvilldal. Bilturen gjekk litt raskare enn sykkelturen, so da fekk vi tatt godt imot sprekingen med sykkel og eplemost! Kjekt:)


Sondre he fått smaken på fisking! Og på fyrste fisketuren hass fekk vi to BRA ørreta, knallkjekt:)

Etter nokre daga i bygda reiste vi opp til hytta på heia. Der fekk vi helgebesøk av fam. Moi. Utrulig kjekt å sjå korleis dei to skjønnasane "leika" i lag. Og so va det kjekt for oss "vaksne" å få henge litt i lag:) Kosa oss med saua, tur, hyttekos osv. Hadde oss også en tur ned til naustet der vi kosa oss med grilling og vannski; kjekt med gode venna! Takk for besøket:)




Sidan det ikkje har vore det kjekkaste sommarveret for uteliv, so bestemte vi oss for at vi ville pusse opp badet i kjellaren her i Kvilldal. So no he badet blitt lyst og fint:) He bære bilde som e tatt før og underveis i arbeidet..."etterbilde" får kome seinare...



Vi lar oss ikkje hindre av litt regn, so vannski og wakeboard måtte testast ut i år også! Og gjett om det va kjekt!!?? Ole va superflink på wakeboard, sjøl om han ikkje he prøvd det på 8 år!:) Ej holdt mej til vannskia...;) Va heldige som fekk Kjetil til å stille med båt og wakeboard, takk for turen!!:)



Sondre he virkelig funne gleda i dyr dinne sommaren. Han he lært sej å sei "BÆÆ" og he kosa med sau, ku, hund og katt...kjekt å sjå dyregleda hass! So no må vi bære lære han at det ikkje e alle dyr som sei "BÆÆ" (elg for eksempel;)).




Tur til Viasjå/Fossastølen. Vi gjekk i lag heile gjengen nesten til Kløv. Der tok farfar Sondre på ryggen, og dei og farmor returnerte til hytta, mens Ole og ej gjekk vidare på rundturen. En fantastisk tur, med SOL mesteparten av tida. Hærlig!








So måtte vi få til ein tur til Hedlestøl, det obligatoriske turmålet med FOX som venta ved målet. Ole og ej delte på en sykkel, knallkjekt å få sykla litt!!:) På veien tilbake møtte vi fam Bakka med stølen deira. STOR STAS for alle, spesielt for Sondre: han fekk nemlig ride på en sau!! Gjett om han va fornøgde:) Fekk også helse på en skjønn liten hund. Gjett om Sondre va i sitt ess da!? Kjekt å sjå:)





Ole har fortsatt 2 veker ferie igjen...då skal vi stort sett vere i Bergen. Satser på at vi får til eit par turar utanbys, ellers so blir det jobbing inne og ute i huset vårt! Håper DU også har ein fin ferie:)


2 comments:

Anonymous said...

Så kjekt å se bilder fra ferien dåkkas! Ser ut som det har vært heilt storveis! :)
Kos dåkke masse dei resterende ukene!!

ane marie said...

Så mange herlige bilder!! Gleder meg til masse morro med dere utover høsten :)