Totlandsfjellet er eit relativt flatt fjell i Vestlandsk målestokk. Dette gir gode muligheter for sykling både opp og ned. Dette er ein skikkelig flyt-sti. Mulig å sykle godt på, fleire plasser:)
Siden det er eg, Ole Terje som skriv dette, må eg også få lov å skryte litt av den tøffe kona mi. Hu satte utfor bakkene og dei tekniske (steinete) partia uten problem. Eg trur hu blei litt overraska sjølv også. Det gav i alle fall veldig meirsmak i følge ho...
Takk for turen, mi kjære. Dette må me gjere igjen... Nokon som vil vere barnevakt?
Oppover var det fleire flotte plasser kor me fekk sykla. Det er ikkje alltid dagleg kost på stisykkelturer på Vestlandet...Hanne Marte har fått dreisen på sykkelen sin, og har funne ut at stisykling er supert...
Mykje flotte bergparti gir mulighet for å sykle på litt.
Skivebremser er gode å ha, når ein må bruke desse:)
Vel fornøgd med denne ettermiddagsøkta. God avslutning på ferien. Meir oppdatering om kva siste veka har blitt brukt til her i Bergen kjem snart. Enno litt hemmeleg... Vent i spenning;)
1 comment:
Ej sitte gjerne barnevakt i gjenn ;)
Post a Comment