Thursday, September 24, 2009

Haust

Snufsing og kaldsvetting, ei sol som strever med å trenge gjennom tette skylag, eit innslag om fårikål på fjernsynet, nissar på hagesentera... No er hausten her. Mykje kan seiast om årets sommar. Nokon tropesommar vart det ikkje, men likevel ein del flotte dagar. Det er med blanda kjensler ein no nærmar seg oktober og november. Dei to månandane i løpet av året kor ein kanskje er mest inne i løpet av ein dag.

Men, det er unntak; dei dagane då sola får bestemme, når lauvet fell stille og tørre ned på bakken og morgondoggen er det einaste våte. Dei dagane kor lufta har usynlege knivar og skjer seg inn i nasa. Desse dagane er det verdt å ta vare på. Eg hugser godt ein av dei siste augustdagane i 2005. Dette var ein slik dag...

Me var på hyttetur. Nils Kjartan, Geir Allan, Bodil, Eirik, Hanne Marte og meg. Me hadde reist frå Bergen til Kvilldalsdalen for å oppleve hausten på nært hald. Dalen og fjellsidene rundt viste seg frå si finaste side. Opp gjennom bakkane til Botnanuten via Napen og Dyrskar. Det kjentes godt å merke at pulsen var høg, og humøret steig proporsjonalt med høgdekurvene og utsikta. Å gå oppover dei grønkledde sidene saman med nokre av eins beste vener, gav det litle ekstra for å gjere bakkane til ein lek.

Vel oppe på toppen møtte skodda og snøen! oss. Tenk snø i august... Me kjende at me levde, og me kjende at me hadde det godt saman, der me satt tett i tett under ein medbrakt fjellduk og åt grovbrød med brunost og syltetøy.

Eg gjekk vel og håpa at Hanne Marte skulle bli mi fremtidige jente, men at det skulle bli så snart som på slutten av denne dagen, hadde eg vel ikkje trudd. Men, slik gjekk det... Dei fleste seier at dei blir ekstra single og ekstra klare for å finne seg ein make på våren. Heldigvis fann eg ei jente som tykkjer hausten er den beste tida for slikt. Me er like på dette punktet. Så når kvelden kom, og me hadde vore ute på ein siste tur i mørkret, vart spenninga for stor mellom oss, og vener blei til kjæraster.

Var det nokon som sa at hausten ikkje var ei fin tid... ?

Eg ligg her i sofaen og kaldsvettar, nasen renn og biholene er tettare enn normalt. Likevel er eg svært glad og takksam for hausten. Kva om me ikkje hadde opplevd denne haustdagen for 4 år sidan? Kva om dei flotte haustdagane ikkje blei utnytta? Då hadde eg nok ikkje hatt ein nydeleg liten gut på 13mnd sovande trygt og godt på loftet, og ei jente som snart kjem heim frå biblioteket med ein lånt film til annledninga. Eg føler meg priviligert. Der kjem ho vist heim...

Det er haust i lufta...




No comments: